Senterpartiets Sigrid Simensen Ilsøy (i midten) diskuterer ei sak med Line Sperrevik Persson (Frp) og Gjertrud Gauteplass (KrF). Frå hausten blir korkje Frp eller KrF representert i kommunestyret i Hol.
Senterpartiets Sigrid Simensen Ilsøy (i midten) diskuterer ei sak med Line Sperrevik Persson (Frp) og Gjertrud Gauteplass (KrF). Frå hausten blir korkje Frp eller KrF representert i kommunestyret i Hol.

Dette partiet gir opp å stille liste i Hol

For første gong sidan 1999 stiller ikkje Frp liste i Hol.

Det har ligge i korta ei stund. Men tre veker før fristen til å sende inn partilistene går ut, er det altså klart.

– Det ser mørkt ut. Det er synd det blir slik, seier Line Sperrevik Persson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg arbeid

Persson har åleine representert partiet i kommunestyret dei siste to periodane.

Som i alle andre parti har Frp sidan i fjor haust arbeidd med å verve nye kandidatar. Persson har sjølv gitt beskjed om at ho ikkje blir med vidare etter to periodar i kommunestyret.

– Det hadde vore kjekt om andre ville bringe dette vidare. Men det er ikkje enkelt å få folk til å stille, konstaterer Persson.

Dermed følger partiet KrF som heller ikkje stiller liste i Hol i kommunevalet i september. Dermed er det heilt sikkert at talet på parti i kommunestyret blir redusert frå seks til fire. I tillegg jobbar Venstre på spreng med å samle kandidatar, og Mathias Eide Sataøen melder at dei enno ikkje er i hamn. I Frp prøver dei å halde liv i lokallaget sjølv om partiet ikkje blir representert i politiske utval.

– Lokallaget består, så det blir ikkje heilt nedlagt, seier Persson.

Frå minst til størst

Historia om Frp i Hol er ei av dei mest spesielle i nyare politisk historie i Hallingdal.

Laget vart stifta som det første i Hallingdal, av Harald Aagaard i 1981. I 1983 vart han den aller første Frp-representanten i kommunestyret. Men med unnatak av perioden frå 1987–1991, då partiet hadde to representantar, vart det med éin representant fram til 1999. Då stilte ikkje partiet ein gong liste. Men ein oppsiktsvekkande snuoperasjon dei neste åra gjorde Frp til sensasjonell valvinnar i 2003 med 27,8 prosent av røystene og sju representantar i kommunestyret. Aagaard vart varaordførar og Frp sørgde for at Erik Kaupang (Ap) vart ordførar. Hol var berre ein av sju kommunar dette året med eit samarbeid mellom desse partia, ifølgje Kommunal Rapport.

Strid

I 2007 gjorde partiet eit nytt godt val med 25 prosent og fekk inn seks representantar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men så råka strid om habilitetsspørsmål knytt til fleire representantar. Deretter vart lokallaget splitta etter at fleire medlemmer melde seg ut etter at fylkesstyret hadde gjeve Roar Strand skriftleg åtvaring. Fylkesstyret hadde engasjert seg for ein høgfartsbane over Haukeli, noko Strand kalla dumskap og ei villfaring. Det utløyste åtvaringa, noko Strand og fleire andre ikkje godtok. I 2010 vart partiet bygd opp att med nye medlemmer. Sidan har Frp fått inn éin representant i kommunestyret. Ved valet i 2015 gjekk partiet tilbake 0,9 og fekk 5,8 prosent av røystene. Det var det nest dårlegaste valresultatet nokon gong. Berre 4,1 prosent i 1983 er svakare.