Ein magisk kveld med Alexx Alexxander

Bli forført av magi og få ei oppleving for livet når illusjonisten Alexx Alexxander kjem til Ål kulturhus fredag.

Alexx Alexxander syner kvifor han blir kalla ein av verdas fremste illusjonistar med eit show av oppsiktsvekkjande illusjonsnummer.

Alexx inviterer til ein heilaftan fylt med humor, mystikk og spektakulære illusjonar, der grensa mellom illusjon og verkelegheit blir borte. Ved hjelp av store skjermar vil publikum følgje illusjonane i minste detalj, uansett kvar i salen ein sit, og det er lett å la seg fascinere av Alexx Alexxander sine uforklarlege shownummer.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei årrekkje har Alexx Alexxander fascinert publikum i heile Skandinavia med sine utrulege stunts og magiske illusjonar. Han er den mest kjende illusjonisten i Norge, og han har utmerka seg internasjonalt med illusjonane sine. Han gjennomfører over 150 show i året, og han er den einaste nordmannen som har fått magiens Oscar, The Merlin Award.