Snøskredvarslinga startar opp 1. desember. Men allereie no er det betydeleg skredfare fleire stader i landet. Her er eit skred i Hemsedalsfjellet fotografert ved ein tidlegare anledning.
Snøskredvarslinga startar opp 1. desember. Men allereie no er det betydeleg skredfare fleire stader i landet. Her er eit skred i Hemsedalsfjellet fotografert ved ein tidlegare anledning.

Auka fare for skred

Sjølv om den offisielle snøskredvarslinga ikkje er i gang før 1. desember oppmodar NVE alt no om å tenke snøskredfare.

Mykje nedbør dei siste dagane fører til auka skredfare. I dei områda som får mest nedbør vil skredfaren kunne kome opp i 4 – stor. Eit av områda dette gjeld er Hordaland, spesielt område i Hardanger og Voss, skriv Snøskredvarslinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på nettstaden varsom.no. Det betyr at det også er auka fare for snøskred i Hallingdal.

Snilt terreng

På sinefacebooksider har Snøskredvarslinga lagt ut ein video som minner folk på snøskredfaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For mange er det sesongstart for toppturar denne helga, og det har kome ein heil del snø, seier Markus Landrø. Videoen er filma i Hemsedal.

Det er kome mykje snø i fjellet, og folk må vere varsame.

– Når me enno ikkje har eit oppdatert skredvarsel å basere oss på er det viktig å velje eit turterreng som ikkje er så bratt, oppfordrar han.

– Vel turterreng som ikkje er så bratt, oppfordrar skredekspert i NVE Markus Landrø.
– Vel turterreng som ikkje er så bratt, oppfordrar skredekspert i NVE Markus Landrø.

Sjå videoen her: 

Overvaker forholda

Varsom.no startar med daglege varsel frå 1. desember, men vil sende ut snøskredvarsel dersom snøskredfaren i eit eller fleire fylke er stor eller svært stor. Ekspertane kjem med følgjande råd til folk som legg ut på tur: «Unngå terreng brattare enn 30 grader med til fokksnøen har stabilisert seg. Dette kan ta nokre få dagar. Det er størst fare for skred på kul-formasjonar i terrenget og der fokksnøen er laus».

Gode råd

Snøskredvarslinga gjer også fire gode råd for å unngå snøskred tidleg i sesongen:

-  Følg med på forholda. Alt no kan du måtte gjere dei same vurderingane som midt på vinteren.

-  Ta det roleg i starten dersom du skal ut på skitur. Bruk dei første turane til å trene med skredutstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Skaff deg fersk kunnskap om snøskred. Det kan vere lenge sidan du har gjort vurdering av skredfare. Bruk tid til å repetere ved å lese Snøskredskolen på Varsom.no.

- Hugs at den nye snøen treng tid til å stabilisere seg.