Er dette stonga til Norges største balkongflagg?
Er dette stonga til Norges største balkongflagg?

Trass i gigantisk balkongflagg: Flaggstongsaka lagt død

Striden om ei flaggstong kosta tid og pengar for ein hytteeigar og Hol kommune. No er saka over for godt.

Det er soga om Norges dyraste og mest omtala flaggstong.

Truleg har ingen nokon gong brukt over 200.000 kroner i advokatutgifter og sakskostnader og gått via kommune, fylkesmann, tingrett og lagmannsrett for retten til å flagge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Menneskerett å flagge

Men det gjorde hytteeigaren Tore Gard på Geilo.

Historia starta hausten 2014 og var ikkje avslutta før tidleg i haust. Striden handla om ei 12 meter høg flaggstong i Tjødnlie. Flaggstonga vart sett opp etter at han kjøpte hytte for 35 millionar kroner i 2014. Problemet var at stonga var bygd ulovleg. Hol kommune kravde riving. Men hytteeigaren nekta og hevda sin rett til å flagge for konge og fedreland.

– Det er ein menneskerett å flagge, sa advokat Kjell Weiss-Andersen til Hallingdølen.

Fylkesmannen i Buskerud støtta våren 2016 Hol kommunes pålegg om å fjerne flaggstonga. Gard fjerna då flaggstonga på eigedommen. Samstundes stemna han den norske stat og Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å få vedtaket kjent ugyldig.

Balkongflagg

I Oslo tingrett tapte hytteeigaren, men anka dommen.

Men anken vart trekt, og 16. januar i år heva Borgarting lagmannsrett saka. No har hytteeigaren stadfesta overfor Hol kommune at alt av fester til flaggstonga er fjerna.

– Saka er no lagt død, seier leiar for plan og bygg i Hol kommune, Trond B. Augunset.

Likevel har hytteeigaren erstatta flaggstonga med det som kan vere landets største balkongflagg. Om det er i strid med reglementet, kjem ikkje Hol kommune til å vurdere.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir nok ingen stor diskusjon om dette, seier Augunset.