Dødsulykka på Rv52 lagt bort
Ingen er å klandre for trafikkulykka på Rv52 der ei kvinne frå Hemsedal mista livet.
7. juni døydde Anita Riber (52) etter at bilen hennarfrontkolliderte med eit vogntog i ein slak sving på riksveg 52 sør for Ulsåk i Hemsedal.
– Saka er ferdig etterforska og me tilrår at saka blir lagt bort, seier regionlensmann Brit Fyksen. Det er på det reine at det var bilen til kvinna som kom over i feil køyrefelt, og at det ikkje er nokon andre å laste for dette. Det er påtaleadvokaten som avgjer endeleg, og det er sjeldan politiet blir overprøvd i slike saker.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dermed vil ulykka venteleg heller ikkje få noko rettsleg etterspel.