Fenga av foto
Han starta med å teikne skilt og bokstavar i dataprogrammet Paint. No drøymer 14 år gamle Håkon Lyngås Sataøen om å fotografere Mjølkevegen.
– Verda blir så pen når ein ser henne gjennom kameraet. Ein kan sjå ting om natta som ein ikkje ser med det blotte auge, og å sjå kor fine bileta kan bli med litt etterbehandling ... det er heilt utruleg, seier Håkon Lyngås Sataøen.
Skritt for skritt
14-åringen frå Geilo har nettopp avslutta 9.-klasse på ungdomsskulen. Då han konfirmerte seg i juni, var han ikkje i tvil om kva han skulle investere gåvepengane i: Eit spegelreflekskamera. Det var tid for å satse på interessa han har hatt sidan han var liten gut.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då eg var 9 år gamal begynte eg først i Paint og teikna pikslar. Dei vart til skilt og bokstavar som eg brukte på fansidene til eit virtuelt netthotell eg var medlem i. Så gjekk eg over til å lære meg Photoshop, og eg jobba med å lage ulike design. Etter kvart ønskte eg å ta eigne bilete for å gjere designa mine meir personlege, fortel Sataøen.
Mørk og stemningsfull
Då geilingen hadde arbeidsveke hjå eit kommunikasjonsbyrå, hadde han alt lært eitt og anna om å vera nøyaktig og om kor tidkrevjande det kan vere å jobbe digitalt. Når han no har sommarferie, og eit kamera å leike seg med, er målet å ta fotointeressa til eit nytt nivå.
– Ein kan vere så kreativ, og det er mykje å ta bilete av. Landskap, stjerner, galaksar – eg drøymer om å kunne fotografere Mjølkevegen og jobbar for å bli meir stemningsfull og ta gode nattfoto. Samstundes likar eg også det heilt lyse, som Hallingskarvet i klarvêr. Eg let meg inspirere av lokale fotografar, og sjølv om eg ikkje nødvendigvis siktar mot å bli fotograf med det første, vil eg vise at det ikkje finst nokon grenser med tanke på alder når det gjeld å ta supre bilete, seier Sataøen.