Det er ikkje organisert trening av fuglehundar (biletet) som er det største problemet for rypa, men med snørike vintrar som no kan bandtvang vere avgjerande viktig for alt vilt i fjellheimen. Matfatet er stort sett under snø.
Det er ikkje organisert trening av fuglehundar (biletet) som er det største problemet for rypa, men med snørike vintrar som no kan bandtvang vere avgjerande viktig for alt vilt i fjellheimen. Matfatet er stort sett under snø.

– Rådyr, rype og hare treng vern, meir enn nokon gong

Leveområda til viltet er under press både på grunn av hytteutbygging og aukande friluftsliv. – Bandtvang er heilt nødvendig når det også kjem snørike vintrar, seier Per Aksel Knudsen, i Hol fjellstyre.

Knudsen, som er sekretær i Hol fjellstyre, er ikkje i tvil at hundar bør vere i band.

– Det er eksepsjonelt mykje snø mange stader. Rådyr har det tøft no og vil forbrenne energi om dei blir jaga, seier Knudsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hunden er eit vilt dyr

Han påpeiker at hunden i botnen er eit villdyr med sine naturgitte instinkt.

– Eg har sjølv hatt elghund som har vore «snill», men der instinktet slo inn då han oppdaga ein heilo-unge om våren, fortel han. Vadefuglen overlevde ikkje.

Han minner om at den ordinære bandtvangen frå 1. april til 20. august like mykje er for å verne om yngling-perioden som for å verne om dyr på beite. Ekstraordinær bandtvang, som er innført no, handlar om vern av vilt under ekstraordinære forhold.

Per Aksel Knudsen sekretær i Hol fjellstyre. Han sit også i Hol fjelloppsyn, og Nordfjella naturoppsyn og er formann i viltnemnda og dessutan varm tilhengjar av bandtvang for hund.
Per Aksel Knudsen sekretær i Hol fjellstyre. Han sit også i Hol fjelloppsyn, og Nordfjella naturoppsyn og er formann i viltnemnda og dessutan varm tilhengjar av bandtvang for hund.

– Hunden får mat kvar dag og kan jage i det uendelege, mens andre dyr må økonomisere. Eg har sjølv vore med å avlive skadde rådyr som er lemlesta av hund. Hunden kom heim med blod på nasen. Det var berre å følge blodsporet, seier han.

Leveområda «krympar»

Behovet vern er større enn nokon gong, også på grunn av at me bygger ned leveområda til viltet.

– Me fortettar med hytter og skiløyper. Rådyr treng tett skog. Dei vil difor mange stadar trekkje mot bygningar.

– Kvifor har enkelte kommunar ikkje bandtvang over 1000 meter?

– Det kan det vera mindre snø, på grunn av vind. Rypene trekker gjerne lågare ned på denne årstida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at hundelova er klar på at ein pliktar å ha kontroll på hunden sin til ei kvar tid, og det har ein ikkje om ein slepp hunden laus.

Ny runde på forskrifter og skilting?

Knudsen vil likevel gi dei som er kritiske til enkelte kommunar sin praktisering av «utvida bandtvang» rett i ein ting:

– Eg har sjølv gjort Hol kommune kjent med at forskrifta ikkje stemmer over eins med hundelova på eitt punkt, men det er berre ei presisering som må til.

Utvidinga av bandtvang utover 20. august kan ikkje gjelde for ein heil kommune, men derimot i område der bufe beitar. Det er også eit spørsmål om det foregår beiting til ut i oktober.

Det er som regel også forbod mot laushund i skiløypene. Her meiner Knudsen det burde vore informert betre.

– Det manglar generelt skilting.

Dette endrar ingenting på dagens utfordringar for viltet, men det kan bety at det er grunn til å sjå nærare på dei lokale forskriftene, slik også kritikarane ønskjer.