Norsk Matglede blir arrangert for 15. gong. I år som dei førre åra blir det truleg mykje folk i Geilo sentrum.
Norsk Matglede blir arrangert for 15. gong. I år som dei førre åra blir det truleg mykje folk i Geilo sentrum.

Ei helg med gode smakar

På Geilo er første helg i oktober det same som Norsk Matglede.

I kveld startar matfestivalen med ope ysteri i Hol.

Her blir det også offisiell opning av prosjektet Ostebygda som samlar alle osteprodusentane i Hol under éin paraply. Så dreg det seg til laurdag føremiddag. Då opnar matmarknaden i Geilo sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år er i underkant av 40 utstillarar påmeldt. Norsk Matglede blir i år arrangert for 15. gong. I løpet av desse åra har festivalen utvikla seg til å bli eit av dei viktigaste mat-arrangementa i landet. Sentralt står formidlinga av norske og lokale mattradisjonar. Som vanleg er matprodusentar i Hallingdal godt representert. Sjølvsagt blir det også kokkekamp som eitt av dei faste innslaga under matfestivalen.

Dei to laga som konkurrerer om å lage den beste maten i eit kjøkken midt i sentrum, er eit høgdepunkt litt ut på dagen laurdag. Og i årets kokkekamp får den nye daglege leiaren i Visit Geilo, Stian Skarsten, sin elddåp. Han skal konkurrere mot tidlegare turistsjef og kokk, Pål Knutsson Medhus. Kvar sin lagkamerat skal dei finne i publikum, og har nokon eit sterkt ønske om å vere på lag med desse to, er det nok berre å stille seg i fremste rekkje.