- Elevar måtte grave fram lærarane
– Skummelt når lærarane ropte om hjelp, fortel elev Bendik Lundeland.
Det var dramatiske timar for 55 elevar og lærarar som kjempa mot snøen natt til onsdag. Klassen frå Lørenskog vidaregåande skole fann ein skavl å bygge snøholer i litt nord for Bukketjern i Ål. Dette er om lag ein kilometer frå fjellstova Bergsjøstølen. Men det var mykje snø og vind, og skavlen vaks ekstremt fort, ifølgje lærar Niclas Alvarsson.
– Det gjekk ikkje heilt etter planen. Det var ein kamp heile tida, for å halde opningane fri for snø, fortel Alvarsson.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måtte grave fram lærarane
Kvar halvtime måtte elevarar og lærarar grave. Slik heldt dei på frå klokka 20–23 tysdag kveld.
Lærarane budde i telt, og klokka 00.30 losna heile skavlen og datt over teltet deira. Nokre elevar, som tidlegare på kvelden var flytta frå snøhola til eit anna telt, måtte grave fram lærarane sine.
– Det var skummelt å høyre lærarane rope om hjelp, fortel elev Bendik Lundeland. Han vart likevel ikkje redd, og følte seg trygg på at det ville gå bra. Lærar Niclas Alvarsson fortel også at dei hadde luft i teltet, og var ikkje i livsfare. Men då raset hadde gått ville dei ikkje ta fleire sjansar, og bestemte seg for å evakuere alle elevane. Klokka 02.10 ringde dei politiet, som igjen kalla ut redningsmannskap.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
Stor bergingsaksjon
Røde Kors og friviljuge kom til skredområdet klokka 05. Dei rykte ut med to trakkemaskiner, to snøskuterar og ei beltevogn. Dei evakuerte fyrst 36 av dei 55 i turfølgjet, før dei reiste inn att og henta resten.
– I mine 34 år i Røde Kors har eg aldri vore med på ein aksjon med så mange evakuerte, fortel Knut Einar Haug i Røde Kors.
– Vêret kom i rykk og napp, frå full føyke til stille. Trakkemaskinene gjorde bergingsarbeidet enklare, seier Birger Embrik Kaslegard, som deltok i aksjonen.
Røde Kors rosar lærarane. Turfølgjet låg nær stikka løype, og det var ei rett avgjerd å evakuere.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me følte me hadde kontroll på elevane, seier lærar Niclas Alvarsson.