Den nye rundkøyringa på Rv7 og vegen opp til Gol sentrum.
Den nye rundkøyringa på Rv7 og vegen opp til Gol sentrum.

Ny Rv7 rimelegare enn venta

Tysdag skal næringsutvalet i Gol behandle rekneskapen for den nye vegen frå Rv7 frå Storøyne til Gol sentrum. Kommunestyret forskotterte i 2016 vel 45 millionar til vegprosjektet.

Av sluttmeldinga går det fram at vegen vart ferdig seks månader før planlagt sluttdato. Prosjektet vart også ein million kroner rimelegare enn budsjettert.