Utrykkingsleiar Sverre Frydenlund sjekkar at det ikkje er fare for at brannen blussar opp att.
Utrykkingsleiar Sverre Frydenlund sjekkar at det ikkje er fare for at brannen blussar opp att.

Huset vart totalskadd i brann

To døgn etter at leietakaren flytta ut frå huset på Hago i Ål vart det totalskada i brann.

– Me fekk melding cirka klokka 22.50 om ein brann som ein nabo hadde observert. Då me kom fram var brannen fullt utvikla, fortel brannsjef Pål Bjerke i Hol. 

Huset som sto i full fyr natt til nyttårsaften var våningshuset på Hago i Ål. Ifølge brannsjefen hadde det budd folk der inntil for to døgn sidan, men då det brann sto huset tomt. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart ein arbeidsam brann å sløkkje, den hadde spreidd seg til golv og tak. Huset vart totalskadd, seier Bjerke. 

Brannvesenet jobba med brannen heile natta, dei siste mannskapa reiste frå staden rundt klokka 05.30 på morgonen nyttårsaften. 

Bjerke fortel at våningshuset uansett skulle rivast. Ingen andre hus i nærleiken vart skada. Leigetakaren som nettopp hadde flytta ut hadde ifølge brannsjefen ikkje fått med seg alle tinga sine, så noko materiell gjekk tapt. 

På operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt opplyser dei om at brannstaden er sperra og at det vil bli sett i verk krimtekniske undersøkingar. 

– Politiet har oppretta sak, så det vil bli sett i verk åstadsundersøking. Men det skjer nok ikkje før på onsdag, seier operasjonsleiar Anne Meyer. Verken politi eller brannvesen veit noko om brannårsaka.