Slik budde fleire handverkarar på Kikut Fjellstue. Staden vart umiddelbart stengt for overnatting av Hol kommune for to veker sidan.
Slik budde fleire handverkarar på Kikut Fjellstue. Staden vart umiddelbart stengt for overnatting av Hol kommune for to veker sidan.

Til kamp mot useriøse handverkarar

Hol kommune trappar opp kampen mot arbeidslivskriminalitet. Som tredje kommune i landet skal Hol samarbeide med politiet og Skatteetaten.

Prosjektet «Tett på» er eit førebyggande tiltak politiet og Skatteetaten gjennomfører i samarbeid med kommunar.

Det første vart sett i gang i Trondheim med gode resultat. No er dei to store hyttekommunane Hol og Sigdal dei neste som blir med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hol var ein naturleg kommune å starte med. Det kan bli aktuelt å utvide til fleire kommunar i Hallingdal, seier næringslivskontakt Jarl Martin Pedersen i Sør-Øst politidistrikt.

Førebygging

Kjernen i det førebyggande prosjektet er denne:

Hus- og hyttekjøparar skal få informasjon, råd og rettleiing i valet av handverkarar. Generelt er det mange useriøse aktørar i byggemarknaden, og målet er å krympe denne gruppa. Ein analyse i Sør-Øst politidistrikt i fjor viste at det var behov for tettare oppfølging. I tillegg til at hus- og hyttekjøparar eller dei som sender byggesøknad blir kontakta, kan det bli aktuelt å halde informasjonsmøte med lokalt næringsliv og velforeiningar. I tillegg til politiet og Skatteetaten støttar NAV og Arbeidstilsynet prosjektet.

– Erfaringane er at dette gir gode resultat. Dei som blir kontakta, er fornøgde, seier Pedersen.

Auka kunnskap

Ordførar i Hol, Petter Rukke, ser fram til samarbeidet.

– Intensjonane er gode. Me skal ikkje ta nokon, men førebygge.

Rukke trur kunnskapen og rettleiinga utbyggarar, hus- og hyttekjøparar får gjennom prosjektet vil vere til stor nytte.

– Me ønskjer gode miljø i byggebransjen, og dei fleste driv seriøst. Dette kan vere nyttig, og me kan komme i forkant av problemstillingane som kan dukke opp, seier Rukke, og siktar til dei mange sakene som denne sommaren har vorte rulla opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dårleg reklame

For etter den alvorlege leilegheitsbrannen på Geilo i mai, har Hol kommune auka kontrollar av bygg denne sommaren.

Ifølgje leiar i plan og bygg, Trond B. Augunset, har kommunen aldri før gjennomført så mange tilsyn med så strenge reaksjonar som i år. I kommunestyret onsdag fekk dei skryt for arbeidet. Petter Braaten (H) viste til oppslaget i Hallingdølen forrige laurdag om arbeidarane på Kikut Fjellstue som budde blant søppel og avfall på ein eigen arbeidsplass. Braaten understreka at slike forhold ikkje er akseptable.

– Det er gledeleg at kommunen skjerpar kontrollane. Dette er dårleg reklame, sa Braaten.