Sondre Juven (18) like før målpassering i Sentrumssprinten på Karl Johan laurdag.
Sondre Juven (18) like før målpassering i Sentrumssprinten på Karl Johan laurdag.

På pallen i Sentrumsløpet

Sondre Juven (18) vart nummer tre på 800 meter i Sentrumsløpet i Oslo. Forrige helg sette han løyperekord i KM.

Friidrett: Medan 1000 alpinistar sette sluttstrek under Donald Duck Wintergames i Hemsedal i helga, deltok nesten 8000 i Sentrumsløpet i Oslo laurdag.

Tredjeplass i Oslo

Sentrumsløpet er ikkje berre ei massemønstring for mosjonistar. Fleire av Norges beste mellomdistanseløparar starta utesesongen med Sentrumssprinten og sprang 800 meter langs Karl Johan frå Slottet til Egertorget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdals beste friidrettsutøvar og store mellomdistansetalent, Sondre Juven, imponerte under sesongpremieren i hovudstaden. 18-åringen frå Nesbyen kryssa målstreken som nummer tre av 15 deltakarar. Tida 1.51. er eitt og eit halvt sekund raskare enn i fjor då han vart nummer fem. Med tanke på at løpstraseen ikkje passar Juven spesielt godt med nedoverbakke i starten og stigning mot slutten, er dette ein knallsterk prestasjon og ei god tid.

Seniorløpar Håkon Mushom frå Kristiansand vann på 1.48.

Løyperekord på Modum

Sentrumsløpet i Oslo var andre utandørskonkurransen til Sondre Juven på ei veke. Under KM i terrengløp for Buskerud på Modum forrige helg sette han ny løyperekord på 3200 meter og sprang 11 sekund raskare enn i fjor.

Ei personleg rekordforbetring med 11 sekund på 3200 meter og halvtanna sekund på 800 meter, viser at Sondre har heva seg både på fart og kondisjon.

Det lovar godt for banesesongen på 800- og 1500 meter som er hans favorittdistansar.

På grunn av sein norsk sesongstart på bane, vurderer Sondre Juven å reise til Birmingham og springe 1500 meter 13. mai i eit sterkt internasjonalt felt.