Rekorddyr Jaguar
Ein 1963-modell Jaguar E-Type Lightweight Competition blei nyleg den dyraste E-type seld på auksjon gjennom tidene.
Under Bonhams arrangement i Scottsdale, Arizona, gjekk han for 7.370.000 dollar, tilsvarande 61,4 millionar kroner.
Bilen vann i si tid den australske GT-meisterskapen og skal vera ein av dei mest originale som framleis eksisterer. Det blei laga 12 slike bilar i 1963 og 1964.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den dyraste bilen Jaguaren gjennom tidene er ein D-type frå 1955 som blei seld på auksjon i august 2016, til den nette summen av 181 millionar kroner. (©NPK)