– Eg har aldri sett maken til dårleg politisk handverk, sa Tore Dag Skjerdal, Gol sitt medlem i representantskapet til Kommunerevisjon IKS.
– Eg har aldri sett maken til dårleg politisk handverk, sa Tore Dag Skjerdal, Gol sitt medlem i representantskapet til Kommunerevisjon IKS.

– Eg har ikkje opplevd maken til handtering av ei sak

– Det er det dårlegaste politiske handverket eg har sett nokon gong, sa Tore Dag Skjerdal.

Medan kritikken i Valdres mot Kommunerevisjon IKS har vore retta mot revisjonssjefÅge Sandsengen, har ordskiftet i Hallingdal dreia seg mykje om den kommunale saksgangen og saksbehandlinga.

– Saka er handtert veldig dårleg. Det er det dårlegaste politiske arbeidet eg har sett. Her er visst fleire uryddige folk, sa Skjerdal. Han sit i representantskapet for Gol kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

I møtet hevda han at pressa har vore i overkant kritisk til Sandsengen. Han såg svært alvorleg på dette, og fann grunn til å minne forsamlinga på Tore Tønne-saka. Ap-statsråden og næringslivsmannen tok sitt eige liv etter å ha vore utsett for hardt press og omfattande mediedekning kring ei kripos-etterforsking i 2002.

Gol-representanten var vidareoverraska over at Flå og Hol, ut av det blå, melde seg ut av Kommunerevisjon IKS.

Les også: Gol melder seg ikkje ut.

– Eg trudde saka var lagt død.

Overraska var også Per Kristian Aas, representantskapsmedlem frå Flå, der han har plass i kontrollutvalet.

– Eg fekk greie på at Flå hadde meld seg ut gjennom Hallingdølen, sa han. Det har vore ein ordførarstyrt prosess, bak lukka dører, utan å involvere kontrollutvala.

– Eg beklagar også at det ikkje har vore nokon ryddig prosess i Hallingdal. Det må me lære av, sa Edvin Ræstad, medlem frå Ål.

– Det har ikkje vore nokon saksbehandling verdig eit offentleg organ, sa også Asmund Wold, frå Etnedal.