Narvik kan bli VM-by

Ifølgje NRK er Narvik norsk søkjarby til VM i alpint i 2027.

Det har vore tøff konkurranse om å bli søkjarby når skiforbundet var på jakt etter ein arrangør. Lengje var Hemsedal ein av dei aktuelle kandidatane, og det vart jobba hardt med å bu seg på å vere VM-vertar. Men dei trekte seg seinare frå prosessen. I staden har det den siste tida stått mellom Narvik og Kvitfjell/Hafjell. Norge har aldri arrangert VM i alpint, men håpar å arrangere meisterskapen om ni år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidsgruppa skal levere si innstilling 12. november, og søkjarbyen blir offisielt klar 19. november.