Politi.
Politi.

Politiet avslørte narkoliga

Dei to narkosikta hallingane kan vere ein del av ein stor narkoliga.

Hallingane er sikta og varetektsfengsla, slik Hallingdølen skreiv laurdag, for omfattande narkotikabrotsverk.

Tilsaman tretten personar er sikta, stadfestar politiadvokat Åsmund Yli i Øst politidistrikt overfor Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudmann?

Ifølgje NRK skal narkoligaen ha vorte leia av ein Oslo-mann i 40-åra og ein mann frå Buskerud i 50-åra. Yli vil ikkje stadfeste at ein av hallingane er ein av hovudmennene.

– Eg vil ikkje seie noko om rollene til den enkelte, seier Yli.

Denne saka er etterforska av politiet i all hemmelegheit. Politiet meiner at dei i ein godt planlagt aksjon har sprengt ein stor narkoliga. Nettverket skal ha smugla inn store mengder amfetamin, ecstasy, hasj, kokain og partydopen MDMA med trailerar gjennom Sverige til Sør-Norge.

Narkosmugling

Politiet er knappe med opplysningar fordi saka er under etterforsking.

Politiadvokat Yli vil ikkje kommentere opplysningane. Men han stadfestar at det er snakk om innføring av narkotika.

– Kva som har skjedd i denne saka vil eg ikkje kommentere no, seier Åsmund Yli.