Nore og Uvdal har så langt merka lite til vårflaumen. (Arkivfoto).
Nore og Uvdal har så langt merka lite til vårflaumen. (Arkivfoto).

Det er mykje vatn, men ingen kritisk situasjon

Vårflaumen har så langt ikkje gjort skader i Nore og Uvdal.

Det opplyser beredskapskoordinator Kai Redalen i Nore og Uvdal kommune til Hallingdølen.

Ifylgje Redalen er vasstanden i Lågen som normalt i vårløysinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rett nok er det ein del vatn ute på Uvdalsøyene, men ut over det har me merka lite til vårflaumen i hovudvassdraget, seier beredskapskoordinatoren.

Sideelevane og bekkene går store, men ikkje meir enn normalt for denne årstida.

– Heldigvis vart det mindre regn enn varsla natt til fredag. Det er heller ikkje meldt regn i helga. Me føler me har god kontroll på situasjonen, men vil sjølvsagt fylgje nøye med dei næraste dagane, opplyser Redalen.