Politioverbetjent Kari Birgit Møllerplass.
Politioverbetjent Kari Birgit Møllerplass.

Stukken med kniv – ingen varsla politiet

Politiet vart ikkje varsla då ein mann vart stukken med kniv i helga.

Det var arbeidsgivaren til mannen som varsla politiet om knivstikkinga dagen etter. Derfor kom politiet inn i saka i etterkant.

– Dette må me ordne opp i, seier politioverbetjent Kari Birgit Møllerplass, som er seksjonsleiar for etterforsking i Hallingdal. Ho har ikkje noko svar på kvifor politiet ikkje vart varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til sjukehus

Det var natt til sundag at ein mann vart stukken med kniv.

Møllerplass vil ikkje seie kor det skjedde i Hallingdal, men mannen og han som stakk med kniven er begge utanlandske statsborgarar som jobbar i Hallingdal. Den knivskadde mannen kom seg til legevakta og vart sendt vidare til Ullevål universitetssjukehus. Han er utskriven no. Mannen som stakk er varetektsfengsla i to veker.

– Dei to mennene budde saman, og knivstikkinga skjedde i bustaden deira, seier Møllerplass.

Fleire mistenkte

Natt til laurdag vart politiet kalla ut til ein russefest i Ål som hadde gått over styr.

Ifølgje politiet var omkring 60 ungdommar til stades, og politiet stengde festen. Under festen skal det ha skjedd ei valdsepisode. Den fornærma er ein 16 år gammal gut. Han er ikkje alvorleg skadd.

Møllerplass seier at det er fleire mistenkte i saka. Guten er avhøyrt. Det var ei rekkje vitne til hendinga, men Møllerplass ber dei som har opplysningar eller noko å fortelje om det som skjedde kontakte politiet.