Pål tilbake i verdscupen
Dei neste vekene er viktige for Pål Golberg som kjempar ein tøff kamp for å sikre ein plass i VM-troppen.
Til helga får han den første sjansen denne sesongen til å måle krefter med dei beste i verdscupen.
Landslagssprintaren har følgd planen om å gå norgescup og skandinavisk cup fram til nyttår. Til helga går han sprint i Dresden. Laurdag er det individuell sprint og sundag lagsprint. Begge delar går i fristil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pål Golberg vart sett ut av kyssesjuke i sommar og mista mykje viktig trening. Men målet har heile tida vore VM i Seefeld i slutten av februar.