Bård Heio (H) åtvara mot å prate ned Nes.
Bård Heio (H) åtvara mot å prate ned Nes.

– Tenk på omdømet

Høgre-representanten Bård Heio oppmoda Nes-politikarane om å tenke på kommunens omdøme.

– Det er viktig korleis me politikarar omtalar Nes på. Me må ikkje framstille situasjonen som elendig. Det underbyggjer berre eit dårleg omdøme som ikkje er riktig, sa Heio i kommunestyret torsdag.

Eit bra år

Saka var årsmelding og rekneskapen for 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var hyggeleg lesnad for politikarane. Overskotet i fjor var på 3,1 millionar kroner etter at 6,6 millionar er avsett til disposisjonsfondet. Heio sa at økonomien til Nes kommune ikkje er så verst, og at disposisjonsfondet no er kome opp i omkring 16 millionar.

– Det blir sagt at Nes har ein veldig dårleg økonomi. Men det er eg ikkje samd i. Gjelda er også låg. Nokon brenn for eigedomsskatt, men det må vere tema berre visst det skal gjennomførast store ting, sa Heio.

– Eigedomsskatten er lagt død, svara Marius Garnås (Bygdelista).

Stolt

Rådmann Torbjørn Hansen slo fast at Nes har eit høgt nivå på nesten alle tenesteområda.

– Eg er stolt over resultata som blir levert, sa Hansen, og sende ei helsing med takk til dei tilsette.

Det har vore mykje turbulens og uro i Nes kommune heilt sidan valet. Endre Storhaug (H) takka både tilsette og politikarar som har vore med og snudd trenden, som han uttrykte det. Storhaug foreslo å bruke 150.000 kroner av overskotet til sosiale tiltak for dei tilsette. Det vart samrøystes vedteke.

Marius Garnås sa at han trur dei tilsette tek til seg at dei gjer ein bra jobb.

– Men elles er det nok ikkje økonomien dei tilsette bekymrar seg over om dagen, sa Garnås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samde om budsjettramma

Nes-politikarane vil ikkje kutte i tenestetilbodet. Dette er det semje om i Nes kommunestyre.

Administrasjonen foreslo ei samla driftsramme neste år på 221,9 millionar til fordeling.

Sektorane i kommunen ønskte seg 227 millionar. Med andre ord ein underbalanse på seks millionar mellom ønska og dei venta inntektene. I kommunestyret torsdag foreslo Ståle Eggestøl (H) ei driftsramme på 224,2 millionar.

– Likevel vil det vere to-tre millionar att til avsetningar, sa Eggestøl.

Ifølgje dette forslaget er det teknisk sektor som får godt og vel eit par millionar mindre enn det som vart ført opp i langtidsbudsjettet for neste år. Helse og omsorg er den største sektoren og får 101,7 millionar, mens oppvekst og kultur får tildelt 83 millionar.

Forslaget frå Høgre vart samrøystes vedteke.

– Dette er eit godt utgangspunkt som me kan tenke på i ferien, sa Marius Garnås (Bygdelista).