Bestefar dømt til fem års fengsel
Ein bestefar frå Øvre Buskerud er dømt til fengsel i fem år for valdtekt og fleire overgrep mot barnebarnet sitt.
Barnebarnet var sju år då ho vart valdteken.
Rettssaka vart nyleg ført for Kongsberg og Eiker tingrett. I retten vedgjekk mannen delvis straffskuld. Aktor la ned påstand om fengsel i fem år og tre månader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Retten imøtekom langt på veg aktors påstand og fastsette straffa til fem års fengsel. I tillegg må mannen betale 200.000 kroner i oppreising til barnebarnet.
Mannens forsvarar seier til NRK at ein vil anke dommen.