Like før den vart skote prøvde elgen å reise seg i snøen. Elgen var sterkt avmagra.
Like før den vart skote prøvde elgen å reise seg i snøen. Elgen var sterkt avmagra.

Måtte avlive avmagra elg

Måndag ettermiddag vart ein elg avliva like ved Rv7 på Rotneim.

Elgen hadde ligge i snøen i fleire timar då han vart avliva.

– Elgen var kraftig avmagra. Han hadde lagt seg ned i snøen og hadde ingen planar om å bevege seg, seier leiar i viltnemnda i Gol, Paul Ole Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barsk vinter

Snøen og kulda skapar trøbbel for hjortevilt som elg og rådyr.

Viltforvaltar i Gol kommune, Jørn Magne Forland, peikar på at dyra brukar mykje energi på å ta seg fram i snøen. Kulda gjer at dei må halde kroppen i gang, men maten dei finn i osp, selje og rogn er skrinn. Kleven meiner elgen som vart avliva måndag er eit resultat av ein snørik vinter.

– Det er ein forholdsvis barsk vinter, som det er lenge sidan me har hatt. Og med bakgrunn i skrantesjuka er all fôring av hjortevilt forbode. Det fører til at hjorteviltet må finne mat på andre måtar, seier Kleven.

Måndag ettermiddag vart ein elg avliva av viltnemnda like ved Rv7 på Rotneim i Gol.
Måndag ettermiddag vart ein elg avliva av viltnemnda like ved Rv7 på Rotneim i Gol.

Denne tida på året er kritisk for hjorteviltet.

– Ettervinteren er den kritiske tida. Då er feittreservane brukt opp. Det vil føre til at svake og sjuke dyr bukkar under på denne tida, seier Kleven.

– Ver merksam

– Rykker viltnemnda ut på mange slike oppdrag?

– Dette er den første elgen i vinter. Men eg såg ein liten kalv ved Torpomoen sist veke. Då tenkte eg at «denne blir ikkje gamal», seier Kleven, som elles har mange utrykkingar til påkøyrsler.

– Så å seie all elg trekkjer ned i dalbotnen og er ein fare for bil og tog. Seinast tysdag kveld og onsdag morgon var me ute på elgpåkøyrsler på Hemsedalsvegen og i Herad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kleven oppmodar bilistar til å vere merksame langs vegen.

– Bilistane må vere forsiktige og ikkje berre stire rett fram i vegen.