«Skurdøl» er ein kölsch, brygga etter tysk øltradisjon, eit lyst overgjæra øl.
«Skurdøl» er ein kölsch, brygga etter tysk øltradisjon, eit lyst overgjæra øl.

Venteliste på Geilo-ølet

– Me lagar ikkje øl for at folk skal drikke seg fulle. Desse flaskene inneheld gourmet-øl, seier Rune Furuseth.

Til god mat, høyrer det også drikke. Når gamlefar Furuseth ville bruke pensjonisttida på å lage lokalprodusert mat, meinte sonen, Rune, at dei også burde satse på kortreist øl.

– Det skal vere eksklusivt

Pådrivarane for alle mikrobryggeri, som dei siste åra har poppa opp i by og bygd, er heimebryggjarar med entreprenør- ånd. Slik er det også på Geilo. Bryggeriet produserer 400 liter per batch. Og med eitt brygg i månaden blir det ikkje all verda til volum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er eit hobbybryggeri med lange bestillingslister. Det skal vere eksklusivt. Sist gjekk det éin time, så var me utselde. Viss me skal utvide, blir det å produsere fatøl for utvalde restaurantar. Flaskeøl til butikkane kjem aldri til å skje, seier Rune.

Tid og pengar

– Er det råd å tene pengar på småskala ølproduksjon?

– Nei, me gjer ikkje dette for å tene pengar, men fordi det er stas. Det tek tid å brygge. Det veit alle som har prøvd. Sjølvsagt tener me pengar, men inntekta står ikkje i forhold til tidsbruken, seier han.

Furuseths Bryggeri har to variantar i produksjon. «Geilingen» er ein mørk maltprega ale, og «Skurdøl» er ein lys og frisk kölsch.
Furuseths Bryggeri har to variantar i produksjon. «Geilingen» er ein mørk maltprega ale, og «Skurdøl» er ein lys og frisk kölsch.
– Me er meir eit nanobryggeri enn eit mikrobryggeri, meiner bryggjar Rune Furuseth. På éin batch renn det maksimalt 400 liter ut av tappekranen på kokekaret.
– Me er meir eit nanobryggeri enn eit mikrobryggeri, meiner bryggjar Rune Furuseth. På éin batch renn det maksimalt 400 liter ut av tappekranen på kokekaret.
Rune Furuseth produserer eksklusivt øl med lokal identitet. Den lokalt produserte «sixpacken» gir plass til tre «Geilingar» og tre «Skurdøler».
Rune Furuseth produserer eksklusivt øl med lokal identitet. Den lokalt produserte «sixpacken» gir plass til tre «Geilingar» og tre «Skurdøler».
Malt, vatn, humle og gjær er grunnstoffa i all ølproduksjon. På maltlageret i Furuseth Bryggeri har dei fleire variantar av malt, her er ein tysk pale ale-malt frå Heidelberg.
Malt, vatn, humle og gjær er grunnstoffa i all ølproduksjon. På maltlageret i Furuseth Bryggeri har dei fleire variantar av malt, her er ein tysk pale ale-malt frå Heidelberg.
Rune Furuseth er reklamemann og har laga alt grafisk materiale. I tillegg er han ølbryggjar.
Rune Furuseth er reklamemann og har laga alt grafisk materiale. I tillegg er han ølbryggjar.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Trugsmål frå Hovet

Bryggeriet har to variantar. «Geilingen» er ein engelsk ale av typen «winter warmer». Det er eit mørkt og maltprega øl som høver både til biff og kraftig tradisjonskost. «Skurdøl» er ein tysk kölsch, eit lyst overgjæra øl.

{{imageLeft}}

– Me kan ikkje ha femti ulike øltypar. Førebels har me laga to variantar, som me har perfeksjonert. Det kjem også eit påskeøl. Namnet er ikkje bestemt, men det blir kanskje «Høværingen». Me har nemleg fått kjeft frå folk i Hovet, som meiner dei er forbigått. Det spørst om dei blir nøgde med eit friskt og fruktig kveiteøl til påske, seier Rune.