Gleding: Kalde dagar, men varme hjarte
Vinteren har verkeleg festa grepet om Torpo. Men seksten minusgrader hindrar ikkje barnehageungane å legge ut på eit viktig oppdrag.
Det riv i kinna få sekund etter at døra er stengd bak oss. I samla flokk vandrar fem born og to vaksne nedover mot Lienkrysset.
– Me skal glede nokon. Det kan vere å seie fine ting til andre eller henge ei hyggeleg helsing på postkassa, fortel Eilev Kolsrud (5) stolt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er stas å få vere med i Gledespatruljen. I sekken har dei raude papirhjarte med gode ord og ein banner med påskrifta «God jul».
Dagens gleder
Det er ikkje berre fordi det er adventstid at ungane på Torpo er ute på tokt. Heile barnehageåret har gleding som tema.
– Me vart inspirert etter eit foredrag med Siri Abrahamsen. Ho har skrive bok om gleding, fortel barnehagelærar og pedagogisk leiar Brit Sæther.
Kvar dag er ein av borna «dagens gledar» i barnehagen og har ansvaret for å gjere det ekstra hyggeleg for dei andre. Ein annan er «dagens hjelpar». Desse ansvara går på rundgang.
– Det er moro når du kjem i barnehagen og merket heng på plassen din, smiler Eilev.
{{imageLeft}}
I desember har dei lagt inn eit ekstra gir for å glede andre og kvarandre. I barnehagen har dei ein egen gledingskalender der det står nye gjeremål for kvar dag.
– Det kan vere å skrive eit julekort, sjå ein julefilm saman eller spele eit spel, fortel Leonore Sætra Viken (5).
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit av dei raude papirhjarta heng no godt synleg på ei postkasse langs vegen. Frostrøyken ligg i lufta når det vesle toget nærmar seg stasjonsbrua på Torpo.
– No skal me ønske bilar og lastebilar god jul. Eg trur dei kjem til å tute, smiler Leonore energisk.
Dei rullar ut det kvite banneret, og det tek ikkje lang tid før den første traileren kjem køyrande. «Tuuuuut tuuuut».
– Good juul, vinkar dei attende frå toppen av brua.
Har effekt
Gledinga er ikkje berre eit positivt tiltak for dei små, også dei vaksne i barnehagen merkar effekten.
– Det gjer noko med haldingane våre. Me må tenkje gjennom kva me seier og gjer, fortel fagarbeidar Gro Anita Ødelien.
Etter ein liten rast med varm solbærtoddy og kjeks er det tid for å vende nasane mot varmen og venene i barnehagen. På vegen stoppar dei utanfor eit lite tun og bankar på ei raud dør.
Gode kjensler
Olav Moen smiler i det han opnar og borna stemmer i med ein julesong.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette var veldig artig, seier han og hentar ein pose klementinar som takk.
Litt frosne, men veldig glade, småspring borna bortetter vegen.
– Eg synest det er hyggeleg å glede andre. Eg blir glad sjølv også, smiler Nathalie Søndrål (5).