Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.
Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.

Litt av ein gravejobb: Stor bergingsoppgåve i jordmassane

Tre veker etter gravemaskinene sette seg fast på Gravarhovda i Dagali er maskinene heva.

Det var under bygging av eit filtreringsanlegg til kloakksystemet at tre gravemaskiner sette seg fast på Gravarhovda i Dagali.

– Det er heilt spesielle jordmassar, me har sendt inn prøver for å finne ut kva det er for noko, fortel Kenneth Engebakken ved Hallingdal Tungbilberging som har ansvar for bergingsjobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med Turhus maskin og Forsvaret gjekk aksjonen for seg frå torsdag til laurdag.

Totalt var det tre gravemaskiner som køyrde seg fast og sokk i jordmassane. Då den fyrste gravemaskina sette seg fast, prøvde grunneigarane å løfte den ut med andre gravemaskiner. Resultatet vart at også desse sette seg fast.

– Det har vore mange uheldige faktorar for dei, fortel Engebakken.

Kenneth Engebakken ved Hallingdal Tungbilberging har ansvaret for bergingsaksjonen.
Kenneth Engebakken ved Hallingdal Tungbilberging har ansvaret for bergingsaksjonen.
Fleire som har vore engasjert i arbeidsaksjonen fortel at dei ikkje har vore borti slike jordmassar i Hallingdal før.
Fleire som har vore engasjert i arbeidsaksjonen fortel at dei ikkje har vore borti slike jordmassar i Hallingdal før.
Mange samanfallande uheldige faktorar har ført til problema.
Mange samanfallande uheldige faktorar har ført til problema.
Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.
Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.
Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.
Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.
Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.
Tre gravemaskiner sokk i jorda ved eit hyttefelt i Dagali.
Mannskap frå Forsvaret og bergingsselskapety. Her blir det diskutert korleis ein skal få maskina vidare opp av gropa.
Mannskap frå Forsvaret og bergingsselskapety. Her blir det diskutert korleis ein skal få maskina vidare opp av gropa.
Grunnen til høgre i biletet syner årsaka til problema.
Grunnen til høgre i biletet syner årsaka til problema.

Utan botn

Fleire som har vore engasjert i arbeidsaksjonen fortel at dei ikkje har vore borti slike jordmassar i Hallingdal før.

Kjartan Iversen ved Forsvarets tekniske avdeling/ FKL-FLO har vore på plass med hjulbergingsvogner stussar over jordmassane gravmaskinene sit fast i.

– Denne type massar har me ikkje arbeidd med før, det verkar heilt botnlaust. Det er heilt spesielt, fortel han. – På torsdag hadde me eit trekk på 130 tonn utan at gravemaskina flytta på seg.

Godt samarbeid

Engebakken er godt nøgd med korleis arbeidet har gått. Forsvaret som aldri konkurrerer med det private, har blitt engasjert av forsikringsselskapet. Forsvaret er einaste instans om har tilrettelagt utstyr for slike hevingar. Turhus maskin har bidratt med å bygge veg og legge til rette slik at maskinene frå Forsvaret kjem til.

– Me har funne gode løysningar saman med grunneigar og kommune. Så samarbeidet har vore veldig bra. Det er mykje førarbeid før du kan setje i gang med ein slik jobb, fortel Engebakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunneigarane opplyser via Engebakken at dei har sett stor pris på støtte og oppfølging frå kommunen i denne saka. Dei vil også rette ein stor takk til bergingsfirmaet, og Forsvaret for ein utruleg bra gjennomført operasjon.

– Me vil også få utdjupa vår takksemd til Frøy Emil Aasberg. Han har verkeleg stilt opp med maskiner, utstyr og mannskap for å hjelpe ein nabo i nød, seier dei.