Sykkelsatsinga i Hemsedal er klar til å gå inn i ny fase. Her eit illustrasjonsbilete frå toppen av skiløypa.
Sykkelsatsinga i Hemsedal er klar til å gå inn i ny fase. Her eit illustrasjonsbilete frå toppen av skiløypa.

Derfor treng dei 10 millionar til sykkelsti

Til sommaren startar neste fase av sykkelsatsinga i Hemsedal, ein sti frå toppen av Hollvinnheisen til dalbotnen. Prislapp: 10 millionar kroner.

Hemsedal Aktivitetsanlegg har søkt kommunen om to millionar kroner. Samstundes blir det søkt om 4,7 millionar i tippemiddel, og 3,2 millionar skal kome frå HTTL. Kommunestyret skal behandle søknaden om støtte denne veka, men rådmannen er positiv i si innstilling:

«Ein ser det som positivt at tiltaka er med på å bidra til positive ringverknader for Hemsedal i form av auka tal på turistar, heilårs arbeidsplassar og tilflytting».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er veldig glade for denne innstillinga, me kunne ikkje bede om så mykje meir. I tidlegare politiske behandlingar har det vore signal om at dette vil ein vere med å støtte. Eg kryssar fingrane for at denne positiviteten framleis er der, seier styreleiar for Hemsedal Aktivitetsanlegg, Marit Foss.

Neste steg

Den første delen av «masterplan for terrengsykling» er alt i mål, ein familievennleg sti i Totteskogen på 2,2 kilometer. Den opnar no til sommaren. Det neste som skal skje er ein flytsti frå toppen av Hollvinnheisen og ned til dalbotnen. Stien blir 9,5 kilometer lang, og er beskrive som ei familievennleg sykkeloppleving. Oppstarten er planlagt i 2019, men stien vil ikkje står ferdig før i 2020.

– Om me får dei klarsignala som me treng, så handlar det om å få i gang eit «crew» for å begynne på den fysiske jobben. Me må også forhandle fram ein driftsavtale med heisen, me er avhengig av at folk kjem seg opp, seier Foss.

I søknaden til kommunen har Hemsedal Aktivitetsanlegg lagt vekt på at denne satsinga er i tråd med kommuneplanens samfunnsdel på fleire punkt, som å sikre heilårs arbeidsplassar, folkehelse og tilrettelegging og bruk av sentrumsnær infrastruktur.

Må spare

I tillegg til to millionar kroner, søker Hemsedal Aktivitetsanlegg om at kommunen kan stille med ein årleg driftsgaranti, noko også rådmannen har innstilt på. Sjølv om han er positiv i innstillinga, peikar rådmannen også på at Hemsedal står i ein situasjon der det vil kome behov for store investeringar i åra som kjem, samtidig som kommunen må spare pengar.

«Det er viktig at kommunen og næringslivet er godt rusta og greier å gjennomføre desse investeringstiltaka, med etterfølgande driftskonsekvensar. Kommunen registrerer at viktig opplevingsbasert infrastruktur framleis ikkje er fullfinansiert, for eksempel bru over til Bruøyne, trass i kommunal støtte. Me snakkar om investeringar mellom 150 og 200 millionar kroner. Kommunen skal samtidig spare pengar, og må avvege rolla som samfunns- og næringsutviklar. Hemsedal kommune kan lett kome i ein situasjon der kommunen må ta unødig risiko på næringa sine vegner», skriv rådmannen.

Marit Foss sit sjølv i kommunestyret for Bygdelista, men denne saka vil ho naturlegvis ikkje få vere med å behandle. Den må ho sjå frå sidelinja.

– Eg håpar og trur det går vegen. Det kjennest som dette er eit prosjekt som heile Hemsedal vil ha, og mange vil få det til. Eg håpar og trur det går vegen, men me må ha eit vedtak. Det er milepælen som me treng.