Ole Tom Nord hoppar i Squaw Valley i 1960.
Ole Tom Nord hoppar i Squaw Valley i 1960.

Før og etter Wirkola

Me kjenner Thor Gotaas som ein produktiv og underhaldande folkeminnegranskar, foredragshaldar og forfattar, som har skrive ei lang rekke bøker, m.a. om norsk skisport. Men han har også skrive bøker av lokal interesse for Hallingdal.

No er han ute med ny bok, «Før og etter Wirkola – norsk hoppsport fra 1940 til 1990».

Omfangsrik

Ei bok som er like underhaldande som ho er omfangsrik. Nesten 400 sider krydra med fakta og ankekdotar, nokre meir kuriøse enn andre. Her møter me alle dei gamle storhopparane, som Wirkola, Brantzæg, Falkanger, Bergman og andre. Pluss mindre kjende, men like fullt fargerike hopparar som eg aldri har høyrt om, men som har vore med på å sette farge på denne greina av skisporten. Og her er fyldige kapittel om utstyrsrevolusjonen, V-stilen, jentehopparar, gutehopparar, treski, plastski, hoppveka, rare bakkar og pussige renn, verdas lengste hoppkarriere (Willy Johansen hoppa til han var 75 år) og om Kongeørna (Toralf Engan).

Artikkelen held fram under annonsen.

OL-hoppar

Hallingdal har aldri hatt nokon stor hopp-profil, trass i at det var eit aktivt miljø både i Bråtabakken i Ål og Storetoppen i Nes. Men me har hatt glede av sørlendingen Ole Tom Nord, som gjorde halling av seg på 70-talet og har budd i Ål sidan. Han vart juniorvinnar i Holmenkollen i 1959, deltok i den tysk-austerrikske hoppveka, vart norgesmeister i hopp i 1960 og deltok i OL i Squaw Valley same året.

Måla bruer

Boka fortel at Ole Tom Nord, likt med fleire andre norske skihopparar, studerte i USA på stipend, og måla bruer på fritida for å tene pengar. Arbeidsmiljølov fanst ikkje, og sikringstiltak var heilt fråverande. Dei norske skihopparane var haldne for å vere dyktige brumålarar som gjorde ein god jobb.

Utan sikring

«Arbeidet ga god trening for skihopperne. Først rigget gutta – hengte opp kroker for hver tjuende meter til å feste vaiere på siden. Planker lå på dem. Når de lå stødig og jobben var begynt, måtte plankene stadig flyttes videre. Da sto kara på en vaier med hvert bein og balanserte, ofte 50 meter over en vannflate, uten sikring. Og slike forflytninger skjedde 25 ganger om dagen. Det var verst å male under broene og der var det også mye stål ...» fortel Gotaas. Risikabelt, altså, men godt betalt. Løna kunne vere 600 dollar veka, omtrent som ein norsk direktør. Og dei fekk fri når det regna.

Frå venstre Gudtorm Heldal, Torbjørn Yggeseth, Terje Holm, Asbjørn Osnes og Ole Tom Nord.
Frå venstre Gudtorm Heldal, Torbjørn Yggeseth, Terje Holm, Asbjørn Osnes og Ole Tom Nord.
Før og etter Wirkola.
Før og etter Wirkola.
Tidlegare rikstrenar Gudtorm Heldal instruerer ein lovande ung hoppar i sitte- og satsteknikk i Bråtabakken i Ål.
Tidlegare rikstrenar Gudtorm Heldal instruerer ein lovande ung hoppar i sitte- og satsteknikk i Bråtabakken i Ål.
Tidlegare rikstrenar Terje Holm gir råd og vink til den unge nesningshopparen Odd Sagabråten.
Tidlegare rikstrenar Terje Holm gir råd og vink til den unge nesningshopparen Odd Sagabråten.
Thor Gotaas. (Arkivbilete).
Thor Gotaas. (Arkivbilete).

Hoppveteranar

No hoppar me ut av boka og inn i Hallingdølens spalter:

Ole Tom Nord var aktiv i hoppgruppa i Ål IL, og inviterte ofte gamle hoppkameratar heim til seg.

I desember 1977 har Hallingdølen skrive om ei slik samling. Då var Torbjørn Yggeseth, Gudtorm Heldal, Asbjørn Osnes og Terje Holm på besøk i bygda. Ved sida av å friske opp gamle minner, besøkte dei Bråtabakken og instruerte dei unge hopparane i hopp- og satsteknikk, går det fram av reportasjen. Både Holm og Heldal var tidlegare norske rikstrenarar, Osnes var den første som til då hadde vunne i Vikersund tre år på rad, og Yggeseth var ein av våre fremste storhopparar. På det dåverande tidspunkt, skreiv me, gjorde han berre to hopp i året. Det var når han skulle køyre opp sporet i Holmenkollen – utan trening.

Små marginar

Det er stor forskjell på skihopping før og no, skriv Gotaas. Utstyrsrevolusjonen har gjort mykje. Men mykje er også likt, seier han: «Stadig tøying av bakker og rekorder gjør skihopping til noe av det mest ekstreme innen idrett, med små marginer som gir store utslag. Som er krevende å utføre perfekt og fascinerende å se på. For mennesket har alltid ønsket å fly ...»

Thor Gotaas: Før og etter Wirkola. Norsk hoppsport fra 1940 til 1990.

Skihistorie.

Gyldendal