Klyngetunet på Otternes vil trenge 20 millionar kroner for å bli berga frå forfall.
Klyngetunet på Otternes vil trenge 20 millionar kroner for å bli berga frå forfall.

Gardsbruka var som små landsbyar

Midt på 1800-talet var ni av ti nordmenn bønder. Mange budde i fellestun, vegg i vegg med dei næraste naboane sine.

Alle husa var samla i ei tett klynge med smale gater, smett og smaug mellom bygningane. Desse klyngetuna var omringa av teigdelt innmark., eit lappeteppe av små åkrar, delt mellom bruka. Klyngetunet var det norske svaret på den europeiske landsbyen. Og det krydde av slike små og større landsbyar her i landet, flest i kystbeltet frå Agder til Troms. Dei største kunne huse opp til 200 innbyggjarar og hadde både kyrkje og skule.

Kvalitetar

Eva Røyrane (tekst) og Oddleiv Apnseth (foto) er ein duo som tidlegare har notert seg for stor suksess med bøkene «Norges låver» og «Av stein», der dei i tekst og bilete skildrar sider ved den norske landsbygda. I den nye boka «Klyngetunet» viser dei oss på nytt kva fantastiske og vakre kvalitetar som ligg i gløymte, norske byggverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vitja femti

Dei fekk ideen til «Klyngetunet» då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren «Norges låver». På denne siste reisa har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk.

Otternes

Dei 39 klyngetun som er med i boka, er spreidde over Sørlandet, Vestlandet og Nord-Norge. Ingen slike tun frå Hallingdal er tatt med, det næraste er Otternes i Aurland, som blir omtalt som eit «stort og komplett» klyngetun.

Om dette tunet heiter det: «Otternes i Aurland er det største og mest komplette av dei eksisterande fellestuna i Sogn og Fjordane. Mellom stupbratte fjellsider, på eit nes i fjorden mellom Flåm og Aurland, ligg 26 hus slik dei har lege sidan 1800-talet, i ei klynge mot nord og som rekketun i søre enden. Kvar sommar kjem besøkjande for å oppleve tunet der mange av bygningane har akutt behov for reparasjon. Stiftinga Otternes treng kring 20 millionar kroner i naudhjelp til tunet».

Klyngetunet på Otternes i Aurland, det næraste til Hallingdal.
Klyngetunet på Otternes i Aurland, det næraste til Hallingdal.
Agatunet i Hardanger er kjent for sine skifertak. I dag er tunet museum.
Agatunet i Hardanger er kjent for sine skifertak. I dag er tunet museum.
Klyngetunet – den norske landsbyen.
Klyngetunet – den norske landsbyen.
Eva Røyrane
Eva Røyrane
Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth

Også Agatunet i Hardanger, Hjølmotunet i Eidfjord og Mølstertunet på Voss har fått plass i boka.

Tun eller landsby

Ein diskusjon som spring ut av denne boka er om ein kan kalle klyngetunet for norsk landsby. Ja, meiner nokre, medan andre meiner dette ikkje er rett. – Me har brukt landsbybegrepet i boka og tenkjer at det uansett var ei form for landsbykultur som vart borte då desse tuna vart løyste opp, seier forfattar Røyrane.

Ein Bibel

Den nye boka er ein murstein av ei bok på nær 450 sider. Kvart tun er grundig omtala i tekst, teikning og kart, og er i tillegg fotografert på kryss og tvers. Dei to forfattarane har gjort ein kjempejobb med å samle inn alt materialet til denne boka, og deretter legge det til rette for utgjeving i bokform. Dette må kunne kallast ein bibel om det norske klyngetunet. Ei flott, grundig og innsiktsfull praktbok.

På nytt har sogneforlaget Skald gitt ut ei bok som tek fram viktige kulturhistoriske sider ved det gamle norske, og særleg det vestlandske, bondesamfunnet.

 

Eva Røyrane (tekst) og Oddleiv Apneseth (foto): Klyngetunet- den norske landsbyen

Kulturhistorisk praktbok.

450 sider.

Skald forlag.