– Me vil avdekke korleis hallingane har det, seier dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard. Sist veke var han og ein delegasjon frå Hallingdal i Helsedirektoratet då prosjektet vart lansert.
– Me vil avdekke korleis hallingane har det, seier dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard. Sist veke var han og ein delegasjon frå Hallingdal i Helsedirektoratet då prosjektet vart lansert.

Skal måle livskvalitet blant hallingar

Korleis har hallingane det og kor god er eigentleg livskvaliteten deira? Det skal hallingdalskommunane snart finne ut av.

Som første region i Norge skal Hallingdal måle livskvaliteten til sine innbyggarar.

– Me vil avdekke korleis dei eigentleg har det. Det handlar om den opplevde kjensla av eit godt liv, korleis folk føler dei har det, seier dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølve livet

For det handlar nødvendigvis ikkje om materielle gode, økonomi og levekår.

– Dette handlar om sjølve livet, seier Ål-ordførar Solveig Vestenfor.

Gurigard tyr til amerikansk storpolitikk og tidlegare utanriksminister og presidentkandidat Robert Kennedy for å gi eit bilete på kva dette handlar om. Noko omskrive sa Kennedy i 1968 at brutto nasjonalprodukt måler alt – bortsett frå det som gjer livet verd å leve. Og no vil altså hallingdalskommunane finne ut kvifor hallingane synest det er verd å leve her. Pilotprosjektet kommunane er med på, vart lansert i Oslo sist veke. Då lanserte Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet tilrådingar for måling av livskvalitet. Bakgrunnen er at det trengst meir kunnskap om livskvaliteten til nordmenn.

Kvifor er det verd å bu og leve i Hallingdal? Natur og friluftsliv kan vere nokre årsaker, men Regionrådet for Hallingdal håpar ei stor spørjeundersøking skal gi endå fleire svar.
Kvifor er det verd å bu og leve i Hallingdal? Natur og friluftsliv kan vere nokre årsaker, men Regionrådet for Hallingdal håpar ei stor spørjeundersøking skal gi endå fleire svar.

– Det er artig at Hallingdal er pilot i norsk samanheng og nesten i verda, seier regionsrådsordførar og Hemsedal-ordførar Oddvar Grøthe.

Stor undersøking

For å avdekke korleis sjølve livet artar seg for hallingane, skal det i løpet av 2018 gjennomførast ei spørjeundersøking.

I tillegg til Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet skal det arbeidast tett med Statistisk sentralbyrå (SSB). I samarbeidet er også Hallinghelse, Buskerud fylkeskommune og Distriktssenteret med. Om alle hallingar får tilbod om å vere med i undersøkinga, eller om det blir eit utval, er enno ikkje avgjort.

– Reint praktisk blir det ei nettbasert undersøking. Det er ei stor spørjeundersøking, seier Gurigard.

Trivsel og vekst

Resultata frå undersøkingane vil danne grunnlaget for korleis kommunane kan legge endå betre til rette for sine innbyggarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal også leggast ein plan for å følge opp resultata. For hallingdalskommunane og Regionrådet for Hallingdal er overtydde om at målretta satsing på livskvalitet vil gi større trivsel og vekst.

– Me meiner at livskvalitet er viktig for enkeltmennesket, men det er også ein vekstskapar. Og me vil bruke det som ein del av vårt omdøme. Me satsar på livskvalitet. Me tek folk på alvor, seier Gurigard.

For kommunepolitikarane kan resultata i målingane gi føringar i ulike saker.

– Undersøkinga kan bli eit godt instrument for gode og treffsikre vedtak, seier ordførar i Gol, Heidi Granli.