– No er tida inne for å rydde, og samle saman alt av idrettsutstyr du vil bli kvitt, seier Tor Veslegard.
– No er tida inne for å rydde, og samle saman alt av idrettsutstyr du vil bli kvitt, seier Tor Veslegard.

Opplev flunka ny skiglede med brukte ski

Laurdag 9. november er det klart for bruktmarknad på Bråta i Ål og i Geilohallen på Geilo.

– Til og med Therese Johaug arva ski av Marit Bjørgen. Kan dei, så kan me også, seier Tor Veslegard, leiar i alpingruppa i Ål idrettslag.

Dagen blir kalla for byttehelga, og er eit samarbeid mellom Norges Skiforbund Langrenn, Sparebank 1 og idrettsklubbar i heile landet. Rundt 100 klubbar landet skal arrangere bruktmarknad med alt av idrettsutstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tid for å rydde

– Folk kan komme med alt av skiutstyr, både alpint og langrenn. Klede, sko og anna utstyr er også bra. No er tida for å rydde, seier Tor Veslegard. Det vil vere spesialistar på både alpinski og langrenn, til stades så folk kan få god hjelp.

– Eg håpar at dette kan bli ein fast tradisjon, seier Veslegard.

Rimeleg

Her er det kvardagsøkonomi som står i fokus. Ikkje alle familiar har råd til å kjøpe både langrennsutstyr, alpint- og snøbrettutstyr som er flunkande nytt.

– Familien min står mykje på alpint, så for oss er det veldig lurt å kjøpe brukte langrennsski, som me berre brukar eit par gonger i året, seier han. – Det skal ikkje vere dyrt å drive med idrett. Me vil at fleire skal vera aktive. Brukt utstyr er like bra som nytt, held han fram.

Geilo IL arrangerer også bruktmarknad 9. november i Geilohallen.