Statens vegvesen seier det ikkje er trafikkgrunnlag for å drive bar veg-strategi på Rv7 vest for Gol.
Statens vegvesen seier det ikkje er trafikkgrunnlag for å drive bar veg-strategi på Rv7 vest for Gol.

Statens vegvesen: Me følgjer standarden for vintervedlikehaldet

– Me driftar etter standarden i forhold til dei midlane me har, seier Lasse Berge, leiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Hallingdølen har prata med fleire kjelder som meiner vintervedlikehaldet av vegane i Hallingdal er for dårleg.

«Driftar etter standarden»

Yrkessjåførar peikar også på at dette ikkje berre gjeld avgjerda om å salte mindre. Dei meiner vedlikehaldet vinterstid har vorte gradvis dårlegare dei seinaste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vil du kommentere det?

– Me har bestilt ein vedlikehaldsstandard av entreprenørane. Og me driftar etter standarden i forhold til dei midlane me har. I Hallingdal har det vore salta veg på Fv7 før Geilo, og på Fv52 til Ulsåk. Me meiner me har tilfredsstilt den standarden. Ein kan meine det er for bra eller for dårleg, men det er altså det me har lagt opp til. Og det me har midlar til. No er det ikkje lagt opp til bar veg i standarden, seier Lasse Berge, leiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

– Så det handlar i utgangspunktet om pengar?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Det handlar også om trafikkmengd på ein veg. Me kan ikkje sette ein kva standard som helst på ein veg med låg trafikk. Me har redusert standarden på Rv7 vest for Gol. Trafikkmengda der er litt for låg for å kunne ha heilt bar veg.

Tek alle meldingar seriøst

Jostein Reigstad meiner også at bruk av friksjonsmåling ikkje fungerer i praksis, fordi det ikkje tek omsyn til korkje dekk eller kor dyktige folk er til å køyre.

– Det er den fasiten me har no. Me har definert kva som er god nok friksjon knytt til standarden som er sett for kvar enkelt veg, seier Berge.

– Yrkessjåførane meiner dei ikkje blir høyrde når dei varslar Vegtrafikksentralen om dårleg føre?

– Dette har me ei rutine på. Det som blir meldt inn til Vegtrafikksentralen går direkte ut att til entreprenøren. Meldingane kjem også til oss, som byggherre. Entreprenørane skal også svare viss dei set i gang tiltak. Då kan svaret til dømes vera at tiltak skal settast i gang, alt er sett i gang eller at friksjonen er god nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her har me eit konkret døme med ein sjåfør som melde frå. Men morgonen etter var det like fullt såpeglatt på Rv7?

– Det er ofte stor forskjell på kva sjåførar meiner er glatt og ikkje. Me får mange meldingar som er vanskelege å verifisere. Då er det ofte at sentralen ventar på å få inn to-tre meldingar, før meldinga går vidare – for ikkje å reagere på enkeltmeldingar. Alle meldingar blir loggført, og behandla seriøst.