Torpo Vel får 40.000 kroner frå Ål kommune til eit forprosjekt om grønt bufellesskap på tidlegare Lien landbruksskule.
Torpo Vel får 40.000 kroner frå Ål kommune til eit forprosjekt om grønt bufellesskap på tidlegare Lien landbruksskule.

Vil ha liv på Lien - støttar grønt bufellesskap

Torpo Vel får 40.000 kroner i kommunale midlar til prosjektarbeidet med grønt bufellesskap på tidlegare Lien landbruksskule.

Buskerud fylkeskommune skal selje eigedomen til tidlegare Lien landbruksskule. Torpo Vel vil jobbe for å gjera eigedomen om til eit grønt bufellesskap, og ynskjer såleis å påverke fylkeskommunen til å selje eigedomen til nettopp dette føremålet.

Miljøvennleg

Difor har velforeininga søkt Ål kommune om 70.000 kroner til eit forprosjekt. Med pengane vil prosjektgruppa sette saman eit prospekt som kan presenterast for både seljar og folk som kan vera interesserte i å leve det grøne liv på Lien. Fredag vart søknaden behandla i Næringsstyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Å få bruke areala på ein god måte framover er i kommunen si interesse. Rådmannen meiner dette er interessant for Ål kommune og Torpo-samfunnet. Det kan skape mangfald i kommunen som kan påverke omdømmet til kommunen i miljøvennleg retning», heiter det i saksframlegget frå rådmannen.

Får 40.000 kroner

Næringsstyret vart såleis tilrådd å delvis innvilge søknaden frå Torpo Vel med ei løyving på 40.000 kroner. Vidare meiner rådmannen det er viktig å bruke ressursar på å undersøke behovet for eit grønt busamfunn, og ikkje berre på prospektet. Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. I tillegg blir velforeininga oppmoda til å melde seg på StartUpp – eit regionalt samarbeid for å fremje vekst innanfor kreativ næring.