Fekk melding om røyk frå bustad - sløkte mindre brann

Nødetatane rykte ut til ein mindre brann i ein bustad i Nore og Uvdal måndag ettermiddag.

Like etter klokka 15.30 var nødetatane på plass ved bustaden, som ligg ved Øvre Skogen i Nore og Uvdal. Vaktleiar hjå Sørøst 110 Harald Kleppo, kunne då fortelje at det var snakk om røykutvikling. Det var ikkje meldt om opne flammar.

Brannvesenet gjekk raskt i gang med å undersøke bustaden. Dei sløkte ein mindre brann, og det var ingen personar inne i huset, skriv Sørøst politidistrikt på X/Twitter klokka 15.51.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den første meldinga om røykutviklinga kom rundt klokka 15.20 måndag ettermiddag.