Ingen stille veke

Påsken var den travlaste veka i året på Geilo. Det var stillare resten av året.

Onsdag i påskeveka måtte vi alle til stasjonen for å sjå dei to ekstratoga som kom frå Oslo og Bergen. Det var sett opp store telt der skiene som folk hadde sendt i førevegen sto lagra. Når toget kom, vart det stor ståhei på perrongen av folk som skulle finne skiene sine, få skyss vidare og ordne med bagasjen sin. Det var mykje å sjå på for oss ungar.

Mange leigde ut rom til påsketuristane. Eg hugsar at vi leigde ut rommet til syster mi og meg til folk frå byen. Det var nesten litt skummelt med framande folk som budde midt i huset vårt, og brukte både badet og kjøkkenet. Dei var greie og snille, så det gikk bra. Men å ha framandfolk heile tida var ei slags uro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Butikkane var sjølvsagt stengde i heilagdagane. Men påske-eftan var det stor ståhei dei få timane butikkane var oppe av folk som skulle handle til resten av helga. Det var mest uråd å kome fram i sentrum. Men artig å sjå på for oss som ikkje hadde det så travelt.

Det er sjølvsagt travelt i påsken på Geilo no og. Men no er turismen spreidd ut over heile vinteren. I min barndom var det resten av året som var stille, medan påsken var den bråkete og travle tida.

Det kom grupper av engelske turistar heile vinteren for å lære å stå på ski. Vi lærte oss å rope «Bend your knees», slik skitrenerane gjorde. Og så hjelpte vi til med å bera ski og sa «How do you do». Då kunne det vanke ein tiøring. Men nokon stor trafikk av folk frå verda utanfor var det ikkje. Geilo var ein stillferdig plass.

Men i påska var det med eitt masse folk over alt. Til og med i kyrkja var det og mykje meir folk enn vanleg. Det skuldast påskeleiren som Norges Kristelige Studentforbund hadde på menighetshuset. Alle dei unge menneska som song så sterkt, var ei stor oppleving. Preikene til Inge Lønning gikk nok høgt over hovudet mitt. Men inntrykket av stor høgtid og stort alvor vart med meg for alltid.

Så bar det ut att til «Snow, sun and fun», som var slagordet for turiststaden den gongen. Likevel, underleg nok, er det kjensla av stille høgtid som sit att i meg når eg tenker på barndommens påske. Den er knytt til kyrkja, men og til stilla på dei vide kvite viddene som i mine minne alltid var overstråla av sol.