Jan Robert Ovrum og Ole Steinar Bryøen omkom i eit snøskred i Hovet 30. mars 1994. No kjem historia som podkast.

Fortel heile historia om skredtragedien i ny podkast: – Me vart tekne imot på ein så varm måte

Denne påska er det 30 år sidan snøskred tok to unge liv i Hovet. Tragedien har også blitt podkast.

Det er journalist Evy Myhre i Hallingdølen som har skrive historia i den fyrste utgåva av magasinet Gløtt, og som har gjort intervju for ein podkast sett saman av kollega Elias Dahlen.

Podkasten er ein del av Røynda, er på éin episode, og er tilgjengeleg frå i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du kan høyre «Skredet i Hol» overalt der du høyrer podkast. Du finn den ved å søke på Røynda. Du kan også høyre episoden direkte her:

Den solrike dagen

1994 var ein snørik vinter. Denne påskedagen var det strålande vêr. Dei to kameratane Ole-Steinar Rabbestøl Bryøen (19) og Jan Robert Ovrum (16) var på si fyrste påskevakt på Røde Kors-hytta Rykkut på Einset i Hovet.

Då dei tok seg ein skitur og køyrde ut ei bratt helling, skjedde tragedien. Ni timar seinare var begge gutane funnen omkomne i det kraftige skredet.

Store mannskap søkte etter dei to gutane. Ni timar etter skredet vart dei funne omkomne.

Tilbake sat to familiar som begge hadde mista ein son, bror, barnebarn og onkel. Røde Kors-medlemmer som var på vakt saman med Ole-Steinar og Jan Robert måtte ut å søke etter eigne kameratar.

– Fabelaktige intervjuobjekt

Evy Myhre har intervjua foreldre, ho som var med på skituren, men valde å snu, og kameratar til dei to gutane. Alle har stilt velvillig opp, sjølv om det er sårt og tøft å rippe opp i gamle historier att.

– Me har blitt tatt imot på ein så varm måte. Alle har delt sine historier på ein så fin måte. Me har hatt fabelaktige intervjuobjekt, seier Evy Myhre.

Kristin Minde, som var med gutane på skituren, møter gutane sin næraste familie 30 år etter, Odd Gunnar Bryøen og Olga Ovrum.

Det var ei annan medietid for 30 år sidan. Ulykka skjedde onsdag i påskeveka. Nesten ei veke etterpå, i tysdagsavisa i Hallingdølen, vart nyheita fortalt fullt ut lokalt. Hallingdølen har vore hovudkjelda i arbeidet med podkasten, saman med arkivet til Røde Kors.

I tillegg til personane, sjølvsagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også dei involverte fortel om informasjon som flaut seinare den gongen samanlikna med no. Det tok tid før dei nærmaste visste kva som hadde ramma sine. I podkasten fortel dei kor tøft det var å ikkje vite.

Evy Myhre intervjuar Kristin Minde som var med gutane på skituren den skjebnesvangre dagen i påska 1994.

Heidre gutane

Det var redaktør Lillian Holden som foreslo for Myhre å lage podkasten. Det var så mange gode kjelder, og så mykje informasjon.

– Eg trudde eg aldri skulle lage podkast nokon gong. Men det var veldig kjekt, seier Myhre.

Sjølv trekkjer ho fram to viktige ting i arbeidet med historia og podkasten:

– Det eine har vore å heidre dei unge gutane som mista livet sitt i denne tragedien. Det andre er å få fram kor farleg det kan vere med snø og skred, seier Evy Myhre.