Bryggeanlegget på Sagodden i Øygardsgrend ligg i nærleik av både butikk, matservering og overnattingstilbod. — Ei velhalden brygge som er open for alle er eit kjempepluss for alle innbyggarane, skriv kommunedirektør Eva Rismo i tilrådinga til politikarane. Biletet er teken sommaren 2023, med full Tunhovdfjord. (Arkiv)

Fekk støtte til ny brygge - stussar på Statkraft si rolle

Dagens plassering av bryggeanlegget i Øygardsgrend er ikkje tilpassa vasstanden i Tunhovdfjorden. No bidreg kommunen med 150.000 kroner for å få anlegget i stand.

I fleire år har store høgdeskilnader i Tunhovdfjorden ført til plunder for Øygardsgrend båtforeining. Bryggene på Sagodden har både fått skader og har til tider vore umogleg å sette ut på grunn av lite vatn.

Les også
Vil bruke 150.000 på å flytte brygge: – Eit kjempepluss for alle innbyggarane

Vil bidra

Førre måndag løyvde eit samrøystes kommunestyre i Nore og Uvdal 150.000 kroner frå disposisjonsfondet for å få bryggeanlegget i stand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opphavleg søkte båtforeininga tilskot på 300.000 kroner for å få ei tryggare plassering. Heile prosjektet er venta å kome på kring 750.000 kroner og inneber anten å flytte bryggene til ein plass med djupare vatn - eventuelt sprenge ut fjordbotnen der brygga ligg no.

Les også
Vil sjå på nye kraftstasjonar i fjell: – Dette er spennande planar. Me håpar det blir realisering no

– Kva med Statkraft?

Ordførar Oddvar Svendsen (Frp), forklarte kommunestyret at Statkraft ikkje bidreg med noko i kroner, men tilbyr steinblokker til nytt bryggeanlegget. Spørsmålet vart avklart då saka var oppe i formannskapet.

Ingvar Svendsen (SV) sa han stussar på at ikkje Statkraft har noko meir å bidra med som regulant av Tunhovdfjorden.

Arne Ottar Svendsen (Bygdelista) ønskte seg ein pott og informasjon, slik at fleire kan søke om støtte til liknande tiltak. Kommunedirektør Eva Rismo minte om at det står politikarane fritt til å gjere - men plassen er når 2025-budsjettet skal leggast.