– Når du har ein gard med 18 hus, må du anten vere advokat eller vinne i Lotto for å halde hovudet over vatnet

Han pratar som ein foss og er overstrøymande hyggeleg, sjølv i den svarte kappa.

– Då eg var dommarfullmektig i Sunnhordland tingrett, følgde sorenskrivaren med på den første rettssaka eg leia. «Har du ein offiser i familien?», spurte han meg etterpå – og eg nikka. «Eg merka det», svara han. «Du var litt streng».

– Jaså, skinnet kan bedra?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal ikkje vere nokon straff å vere i retten. Eg vil ikkje vere sleip og slem mot vitne og partar. Ein må vere høfleg, slik at me kan helse på kvarandre etterpå.

Slik pratar Sigurd Kolbjørn Berg. Advokat med både gard og grunn i Flå.

– Visste du at Kolsrudstugu frå år 1800 på Hallingdal museum i Nesbyen kjem frå garden?

Niks …

– Jau, den vart flytta dit i 1905 då dei stikka jernbanen. For den ville gå tvers gjennom stugu.

Sigurd Kolbjørn Berg

43 år. Advokat. Bur på garden Søre Kolsrud i Flå. Ugift.

Juristen Sigurd K. hadde jobba hjå fylkesmannen i Hordaland i fem år då han overtok garden i 2020. Han flytta heim til Flå og etablerte advokatpraksis i Nesbyen. Men då kontoret hans nærmast drukna etter at eit vassrøyr sprang lekk, flytta han like godt til Veksthuset i Flå. Her løyser han juridiske flokar og spørsmål frå vald til familiesaker, som ikkje er alltid like hyggelege saker, skal me tru han - og det er all grunn til det - og i tillegg er han juridisk rådgjevar for Flå kommune i byggesaker.

Aller helst likar han å jobbe med tingsrett, kort fortalt handlar det om eigedom, og plan- og byggesaker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var ikkje av dei som gjekk på Brann-kampar då han budde i Bergen. Sportsinteressa er fråverande. Ein kan fort få mistanke om at livet berre handlar om paragrafar som surrar og roterer oppe i hovudet hans ustanseleg.

– Det er ein livsstil, men eg klarer å kople av.

Lokalhistorie derimot interesserer han. Han som nærmast voks på folkemuseet i Nesbyen. Guten stod i landhandelen og selde sukkertøy, prata med turistar og var ikkje så lite veslevaksen.

– Eg kunne alt og prata med folk om alt, humrar han.

Du drøymde ikkje om bli brannmann, politi - eller flygar som far din?

– Nei, nei, målet var å bli jurist. Det såg så spennande ut. Og så visste eg at det er ein trygg og god jobb. Når du har ein gard med 18 hus, må du anten vere advokat eller vinne i Lotto for å halde hovudet over vatnet.

– Ein advokat veit vel å ta seg betalt ..?

– Du, eg hadde hatt betre råd som snekker, for å seie det slik. Eg driv praksis på landet. Eg tek ikkje 5000—6000 kroner i timen. Det er ein annan kvardag her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg minner han på advokaten her i distriktet som folk vart åtvara mot. Det vart spøkefullt sagt at ein ikkje måtte helse på han fordi då risikerte ein å få ei rekning i posten. Sigurd K. ler godt når han forsikrar at det er berre å helse på han utan frykt for å få ei rekning etterpå.

– Eg oppfører meg jo skikkeleg.

OK. Alle som kjenner Sigurd K. veit det. Men det ikkje alle veit, er at han kan tenne på alle pluggane, viss det høver seg slik. Som dommarfullmektig gjorde han det, i retten, ein gong. To advokatar som diskuterte, overhøyrde dommarens oppmoding om å roe seg. Men det vart brått og brutalt stille då dommarfullmektigen like godt slo knyttneven i dommarbordet så det song i rettssalen. Og kva med han stakkars telefonseljaren som ringde her om dagen, då. Korleis hadde han det etterpå, tru?

– Eg tør å seie ifrå viss nokon oppfører seg ufint, kjem det kontant.

Han erkjenner forresten at den same dommarfullmektigen dømde nokon for mildt, for det kan skje den beste. Verre er det at ein mann vart dømt til fengsel på vilkår, men tok ikkje vare på sjansen som han fekk. For han vart drapsmann etterpå.

– Der tok eg for lite i.

– Ein advokat skal fremje rett og hindre urett. For ein floskel …?

– Du, det er ein grunnleggjande regel. Det er ikkje svada.

Artikkelen held fram under annonsen.

Står du i retten og argumenterer for noko du veit er løgn?

– Eg skal fremje klientens syn. Eg lyg ikkje i retten, og argumenterer ikkje mot betre vitande. Men sjølvsagt veit ein aldri. Eg har opplevd at tiltalte i ei straffesak har erkjent skuld, mens dommarane frikjente.

– Kva slags advokat er herr Berg?

– Nokon liker å tøffe seg i retten, andre likar teoretikarane. Eg er den faglege, eg likar ikkje å showe. Som dommar likte eg å høyre på dei rolege og sindige advokatane.

Sigurd K. er akkurat slik som du ser han. Her er det ikkje noko tilgjort. Ein ekte urbanaktig flåværing som smiler og gestikulerer, og som alltid ser ut som om han har dårleg tid. Og som ikkje kjem på kva det dummaste han har gjort, og som drikk sterk whisky saman med ein kameratgjeng når han skeier ut med dei i by'n. No har dei kutta sigarane, forresten. Passe mediesky er han også, men gjer eit unnatak for lokalavisa. Takk for det! Meir er det ikkje å seie om han enn at han når alt kjem til alt er veldig fornøgd med seg sjølv.

1. Kor lang tid brukar du om morgonen?

Rundt 30—40 minutt.

2. Kven er førebilete ditt?

Artikkelen held fram under annonsen.

Flinke og trivelege folk eg møter i jobben og gode naboar, Ingen nemnde, ingen gløymde.

3. Om du kunne budd kor du ville, kvar ville du bu?

– Kolsrud, sjølvsagt. Nummer to måtte vore ein stad i Gamle Nes.

4. Kva var din første jobb?

– Landhandlar på museet på Nesbyen.

5. Om du kunne endra noko med deg sjølv, kva hadde det vore?

– Skulle gjerne vore 10—12 cm høgare. Men då har eg ikkje like god beinplass på fly og tog, så eg er ganske så nøgd som eg er.

6. Når var du sist så fornøgd som du kan bli, og kvifor?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Strengt tatt alltid det, men ekstra nøgd var eg nok i helga då laurdagspizzaen eg lagar til familien falt i smak.

7. Kva var det siste du googla?

– Plan- og bygningslova § 5—5 om omkamp om planar. Staten kan som regel ikkje leggje ned ny protest på ein reguleringsplan når dei i overordna plan har sagt OK dei siste ti åra.

8. Kva motiverer deg i jobben?

– At eg får lov til å ordne opp i problema folk kjem med. Og om det ikkje går, så veit eg at me har gode domstolar med mykje flinke folk som lar partane få fram si side av saka.

9. Kva har du gjort som du er mest stolt av?

– At eg har vore i lag med familien gjennom tjukt og tynt.

10. Kva ville du bli då du var liten?

– Fylkeskonservator – altså ansvarleg for gamle bygg.

11. Har du, eller har du hatt, eit kallenamn?

– Nei. Men etter gamal namneskikk i Hallingdal skulle eg vel blitt kalla for Ber’s-ein. Men då trur jo byfolk at ein pratar skit.

12. Om du kunne reise tilbake i tid, kva år ville du besøkt, og kvifor?

– Det er lett for ein jurist: Eidsvoll i mai-dagane i 1814. Eg kunne møtt på ein slektning der, ein Steenstrup frå Kongsberg. Han var visst ein kranglefant, så me hadde gått godt i lag.

13. Korleis trur du venene dine vil beskrive deg?

– Kan mykje, jobbar mykje, og pratar mykje. Men kjekk å spørje til råds.

14. Om du kunne ete middag med fire personar, levande eller døde, kven ville det vore?

– Eg trivst best med familien og vener. Men tippoldefar og sjefingeniør Petter Reinholdt Støren skulle få blitt med. Han skulle få svara for kvifor han la linja rett gjennom stugu vår på Kolsrud og ho difor vart rive og sendt til museet.

15. Kva er den farlegaste tingen du har gjort?

– Måka snø av eit stugutak. Ein god nummer to er å prate med ein storby-journalist.

16: Kven skulle spelt deg i filmen om ditt liv?

— Skjer heldigvis ikkje, for Karsten Byhring, som spelte Benny i Olsenbanden-filmane, er jo daud.

17. Kva er ditt beste barndomsminne?

– Vakne på Haugaset ein varm sommardag mens bestefar Kåre set i gang mjølkinga. Han var den siste som setra i Flå.

18. Kven har betydd mest for deg, og kvifor?

– Mor mi og far min, bror min og onklar og tanter. Dei har alltid vore der, hjelpt til, og funne fram ting ein kar treng når han flytter til byen, eller heim att.

19. Kva tankar har du om det å bli gamal?

– Så lenge ein har helsa, så skal ein vera veldig nøgd.

20. Huset ditt står i brann. Alle liv er berga og du har høve til å ta med deg éin gjenstand ut. Kva vel du?

– Om han ikkje alt er ute, er det kattepusen Pentus. Om han er trygg, er det nok fiskekjølkje-bunaden etter far min.