Nore og Uvdal kommune bygger no seks utleigeleiligheter, tre i kvar kant av kommunen. Desse skal stå klare innan 2024 er historie. Biletet syner kommunesentrum Rødberg. (Illustrasjon)

Seks nye leilegheiter skal stå ferdige i år - håpar å freiste tilflyttarar

Bustadmangel gjer at Nore og Uvdal kommune no skal i gang å bygge to tremannsbustader til utleige, såkalla «prøvebustader». Den eine på Norefjord, den andre i Uvdal.

Før jul, løyvde politikarane ti millionar kroner til attraktiv bustadbygging i år og til neste år. Pengane skal gå for å bygge to tremannsbustader i kommunen. Det er også snakk om bygge ein tredje, men fram til den tid kan mykje skje og endre seg.

Les også
Bu, jobb, opplev – no har «Bygde-Lars» lansert nettsida «Hjembygda»

Må ha plass å bu

Årsaka til satsinga er det aukande behovet for utleigeeiningar i kommunen. I tillegg, å bidra til at fleire får lyst til å flytte til, bu og bli. For utan ein plass å bu, er det vanskeleg å både rekruttere tilsette og på sikt auke folketalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra har det blitt bygd få nye bustader i Nore og Uvdal. Dei som blir seld, går ofte utanom den opne marknaden. Og i samband med busetting av ukrainske flyktningar, har mange av dei tilgjengelege leigebustadane i privatmarknaden vorte utleigd. Det går fram av eit forstudie i 2022, der Nore og Uvdal næringsselskap SA har sett på kva som skal til for ei attraktiv bustadutvikling i kommunen.

Les også
Har jobbane - oppmodar til dugnad for å få fleire til bygda

Først ein, så to

På tampen av 2023 vart den første tilbodskonkurransen for bygget på Norefjord lyst ut, med anbodsfrist i februar.

Tremannsbustaden skal ligge i Hvaale-feltet, og ha fokus på funksjonalitet, komfort og berekraftige løysingar. Leilegheita oppe blir på 120 kvm med eigen innkøyring, mens på kjellarplan blir det to leilegheiter på kring 60 kvm.

Rune Kaspersen, virksomheitleiar for eigedom i Nore og Uvdal kommune ser no fram til å kome i gang. - Berre nokre få detaljar står att før me også kan lyse ut tilbodskonkurransen i Uvdal, seier han. Biletet er teke under eit utvalsmøte før nyttår.

Den andre tremannsbustaden kjem høgst truleg i byggefeltet på Bakkehaugan i Uvdal. Den skal også bestå av tre leilegheiter med lik storleik og utforming som på Norefjord. Kommunen er no få veker unna å lyse ut også den tilbodskonkurransen.

Les også
Tøft for mange: – Kvifor aukar avgiftene på avfall og slam så mykje?

Innan nyttår

— Me valde å lyse ut i to omgangar, slik at også mindre firma kan vera med å konkurrere med tanke på situasjonen i marknaden. For ikkje alle har stor nok kapasitet til å ta på seg å sette opp to ganske like bygg i ein sleng, forklarar Rune Kaspersen, virksomheitsleiar for eigedom i Nore og Uvdal kommune.

Begge tremannsbustadane skal stå klare innan året er omme. Dei er meint som rekrutteringsbustader til utleige, for dei som vurderer om og vil teste ut om Nore og Uvdal er plassen dei vil både bu og jobbe.

— Me ser fram til å gå i gang og setje ting i verk, sidan dette har vore prata om lenge. Dette blir moro, seier Kaspersen.