Eit år etter Hallingdal Rental Hub vart etablert, fortel dei om ein start over forventning.

Har drive eitt år - med suksess: – Interessa veks for å tene pengar på fritidsbustaden

I fjor vart Hallingdal Rental Hub etablert. Eit år seinare ligg dei over budsjettet.

Firmaet som spesialiserer seg på å gjere utleige av hytter og bustader enklare går inn i sin andre sesong i Hallingdal. Dei var etablerte i Hallingdal etter suksess i Lofoten med same konsept. I Hallingdal har dei primært fokus på vintersesongen.

– Me får stadig nye kundar. Og ser at interessa for å tene pengar på fritidsbustaden veks i takt med auka utgifter i samfunnet, seier dagleg leiar Andreas Gallefoss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nye kundar kvar veke

Firmaet som har hovudvekt av kundane sine på Geilo, tilbyr tenester som gjer det enklare å leige ut hytter, leilegheiter eller hus. Firmaet tek seg av vasking, kundekontakt og det praktiske.

Les også
Planar om bilforretning står fast: – Dei lovde oss svar i januar. Me veit ikkje kva som skjer

I tillegg til Geilo har dei kundar i Gol, Torpo og Hemsedal.

– Det melder seg nye kundar kvar veke. Det kjem til å gje oss ein hyggeleg vekst til vinteren.

Likevel er det fyrst til vinteren dei vil sjå resultat av auken.

– Starten har vore betre enn me hadde sett for oss. Inne i systemet ligg det no opp mot 90 kundar, og det er over budsjettet, opplyser han.

Sommaren starta blant anna Andreas Gallefoss opp Hallingdal Rental Hub. Dei tilbyr hyttefolk å klargjere hytter for utleige og fiksar alt for dei som vil tene pengar på tomme hytter. Eit år seinare er dei godt nøgd med starten.

Han fortel at budsjettet innfor vintersesongen er over 50 fullservice-kundar, som vil seie kundar dei leige ut for, òg vaskar. Nokon kundar nyttar også selskapet berre for vasking.

Det er eit mål han trur dei klarer.

– Berre denne veka hadde me fire-fem bestillingar for juleferien, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Femti/femti

Selskapet nyttar ulike nettbaserte utleigesider, som til dømes Airbnb og booking.com, for å marknadsføre kundane sine. Og fleire utleigeobjekt blir tidleg reservert.

Les også
Her kjem 40 leilegheiter og næringsbygg: – Me ynskjer ei brei gruppe kjøparar

– Dei objekta me hadde tilgjengeleg i sommar, var alt reservert i mars. Og me ser at fleire har reservert inn til vinteren allereie no, seier Gallefoss.

Dei som bookar er femti/femti nordmenn og utlendingar.

– Men 75 prosent av dei som reserverer på førehand er utanlandske turistar.