Fleire utanlandske skituristar har sikra seg neste års ferie. Og dei har alt gjort opp for seg. Her er skituristar i Hemsedal skisenter. (ARKIVFOTO)

Utanlandske turistar sikrar seg vinterferien alt no: – Dei vil gjerne betale med ein gong

Hotell i Hallingdal fortel at utanlandske turistar utnyttar den svake norske krona for å sikre skiferien litt billigare.

– Eg har ikkje konkrete tal. Men me opplever at mange vil betale med ein gong. For ein veit jo ikkje korleis krona er i januar neste år.

Det seier hotelldirektør hjå Dr. Holms på Geilo, Sigmund Vika.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det er i stor grad danske og britiske turistar som ynskjer dette. Og det er kanskje ikkje rart, når den norske krona har nådd rekordlåge nivå i år.

Dr. Holms er alt fullbooka til jul og forventar fleire utanlandske turistar utover vintermånadene.

Måndag fekk ein 1,57 norske for ein dansk krone og 13,63 norske kroner for eit britisk pund. For ein euro må ein ut med 11, 66 kroner.

Vika fortel at hotellet allereie er fullbooka i jul, då primært norske stamgjestar, men at dei ser ein auke i utanlandske turistar som ynskjer seg til Geilo seinare i vintersesongen.

Les også
Planar om bilforretning står fast: – Dei lovde oss svar i januar. Me veit ikkje kva som skjer

– Det er mange frå England. Og fleire ynskjer å betale med ein gong, òg det er nytt.

Langt fleire bestillingar

Skarsnuten Hotell i Hemsedal kan òg merke at utanlandske turistar sikrar seg dagar på ski allereie no.

– Det er fleire reservasjonar. Me utvida hotellet i fjor med 55 nye rom, så det er litt vanskeleg å samanlikne opp mot tidlegare år.

Det fortel hotellsjef Anna Fehr. På Skarsnuten må ein betale med ein gong når ein bookar hotellovernatting.

– Det er særleg svenskar, tyskarar og danskar som alt har sikra seg rom, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hotellsjef Anna Fehrm og Skarsnuten opplever at fleire utanlandske turistar sikrar seg vinterferie i Hemsedal allereie no.

Trass i oppgraderinga har hotellet har langt fleire bestillingar i år, så lang tid før vintersesongen tek til:

I fjor på denne tida var det 23 svenskar, 18 danskar og åtte tyskarar som hadde sikra seg overnatting for seinare i sesongen. For vintersesongen har Skarsnuten i år førebels mottatt reservasjonar frå 236 svenskar, 160 danskar og 75 tyskarar.

– I fjor var det mest nordmenn som hadde booka tidleg. Men me ser ein markant auke frå andre land i år, fortel Fehrm

– Overraskande bra bookingtal

Tilbake på Geilo kan direktøren på Vestlia, Alexander Gullesen, opplyse om same trend.

– Talet på reservasjonar til jul og vinterferie ser overraskande bra ut. Sjølv samanlikna med nivået før pandemien.

Les også
Satsa «nokre millionar» — no har dei opna Norges største pizzeria

Det er turistar frå landa som det tradisjonelt kjem skituristar ifrå, som alt har booka seg inn.

– Det er særleg danskar og britar, og nokon svenskar, som ynskjer å betalte no og å dra nytte av den svake krona. Og slik var det ikkje i fjor, seier han.

Alexander Gullesen er direktør på Vestlia Resort på Geilo. Han seier at vintersesongen ser overraskande bra ut allereie.

Direktøren har registrert at aktørar i reiselivsbransjen har nytta den svake krona i marknadsføring opp mot utanlandske turistar. Og det meiner han er noko nytt. Sjølv har ikkje hotella nytta den strategien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her kjem 40 leilegheiter og næringsbygg: – Me ynskjer ei brei gruppe kjøparar

– Det er jo veldig gunstig om for ein danske å kjøpe seg ein fritidseigedom i Norge no for eksempel, seier han.

Forventar færre utanlandske sesongarbeidarar

Som andre har Vestlia fleire sesongarbeidarar i vintersesongen. Gullesen trur at det blir færre av dei samanlikna med tidlegare år.

– Fleire som jobbar her vintersesongen som var, fortel at dei ikkje kjem til å søkje seg tilbake grunna at krona er svak, seier han.

Han fryktar likevel ikkje at hotellet kjem til å ha problem med å tak i folk.

– Men det blir ikkje enklare, det kan ein ikkje forvente, fortel han.