Amdo AS søkjer om å drifte asylmottak fire stader i Hallingdal og Valdres. Skogstad Hotell i Hemsedal står på lista. (Arkivfoto)

Søkjer om å starte tre asylmottak i Hallingdal: – Me har kapasitet til å drifte alle

Selskapet Amdo AS søkjer om å drifte fire asylmottak i Hallingdal og Valdres.

Det stadfestar styreleiar i selskapet, Odd Ustad. Dei har søkt UDI om å drifte mottak ved Torpo Gjestegård i Ål, Valdres Høyfjellshotell, Hallingen Høyfjellshotell i Gol og Skogstad Hotell i Hemsedal.

– Me har jobba ei god stund med å finne eigna lokale, inngått leigeavtalar med eigarar og sendt inn søknad til UDI. Fristen gjekk ut sist veke, fortel Ustad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Forlenger drift av lokalt asylmottak
Torpo Gjestegård er blant bygga som kan bli brukt til asylmottak. UDI skal ta ei avgjerd innan 22. juni (Arkivfoto)

Erfaring frå 1990-talet

Odd Ustad fortel at selskapet Amdo AS har erfaring med mottaksdrift frå tidlegare.

– Det går heilt tilbake til 1998. Dette blir fjerde runden med mottak som me er involvert i, seier styreleiaren for det Tynset-baserte selskapet. Dei har ikkje vore involvert i mottaksdrift i Hallingdal før.

– Men det spelar liten rolle. Asylmottak blir stort sett drifta på same måte landet over, seier Odd Ustad. Dei forventar konkurranse i akkurat denne regionen:

– Det er mykje ledig kapasitet i Hallingdal og mange operatørar som er interesserte, fortel han.

Les også
UDI skal ha opptil 50 nye mottak - kven kjem til å søkje?

Før UDI tek stilling til kvar dei vil opprette mottak blir det synfaring med både eigar av lokale og operatøren, i dette tilfellet Amdo AS.

– Kor mange mottak kan de drifte i vår region?

– Me har lagt opp til ein administrasjon og handtering av alle lokala me har søkt på. Om me får alle veit me ikkje enno, men me har kapasitet til å drifte alle. UDI set krav til bemanning på sju til ti tilsette per mottak, svarar Odd Ustad.

Torleif Kinneberg sitt selskap T.K Holding kjøpte Hallingen høyfjellshotell på Golsfjellet i 2021. No kan det bli asylmottak her. (Arkivfoto)

Unntak frå lova

UDI viser til at krigen i Ukraina held fram på uviss tid. På grunn av det høge talet på flyktningar som kjem til Norge har dei fleire prosessar gåande for å sikre innkvartering, skriv UDI i eit brev til kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei mellombels forskrift om unntak frå plan- og bygningslova skal gjere det meir effektivt å få innlosjert flyktningar. Det betyr at eigaren av lokala etter alt å døme ikkje treng å søkje om bruksendring for å etablere mottak.

– Slik me tolkar det, er ikkje dette søknadspliktig. I kraft av denne forskrifta skal dei kunne flytte rett inn, seier leiar for utbyggingsavdelinga i Gol kommune, Hanne Cecilie Nes. Viss UDI vel å tildele eit eller fleire mottak til desse hotella vil den aktuelle kommunen bli høyringspart i saka.

Torleif Kinneberg eig både Torpo Gjestegård og Hallingen høyfjellshotell, som er to av dei aktuelle bygga i Hallingdal.

– Eg sit meg eigedomane, og det ligg godt til rette for å kunne ta imot folk der, seier han og viser utover dette til selskapet Amdo AS som ønsker å leige bygga.

UDI vil ta stilling til kvar det blir tildelt nye flyktningmottak innan 22. juni.