Hanne Myren (Raudt) vil inn i Ål kommunestyre. På landsmøtet i helga støtta ho fleirtalet i partiet som vil gje våpen til Ukraina.

Støttar våpen til Ukraina, men er imot Nato-medlemskap: – Samtidig ser eg pr. no ingen annan løysing

Hanne Myren kan bli den fyrste Raudt-politikaren i eit kommunestyre i Hallingdal.

Norfaktas lokale meiningsmåling utført for Hallingdølen viser tre prosent støtte til Raudt i Ål og dermed ein plass i kommunestyret. I Gol, der partiet også har liste, er oppslutnaden mindre og utløyser ingen plass blant dei folkevalde.

– Det er kjempebra å kome inn i kommunestyret. Det betyr at framgangen til Raudt nasjonalt også er kome til Hallingdal, seier Hanne Myren, fyrstekandidaten til Raudt i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet vårt er å få inn iallfall éin representant i både Ål og Gol, seier ho.

Ein krigsforbrytar?

Ho er nettopp tilbake etter landsmøte i partiet, der våpen til Ukraina var eit heitt tema. Hanne Myren høyrer til fleirtalet i partiet som støttar våpenlevering. I eit eige lesarinnlegg i Hallingdølen i dag klargjer ho synspunktet sitt i saka.

– Ukraina er en nasjon som slåss mot undertrykking og okkupasjon, de må få reelle muligheter til å slåss for frihet, skriv ho blant anna.

Les også
Våpenstøtte til Ukraina

Det skapte reaksjonar under landsmøtet då Siavash Mobasheri, gruppeleiaren i Oslo Rødt, i eit innlegg karakteriserte Nato-sjef Jens Stoltenberg som krigsforbrytar. I andre parti skapte uttalen kraftige reaksjonar.

– Kva meiner du om uttalen om at Stoltenberg er ein krigsforbrytar?

– Der stiller eg meg bak Bjørnar Moxnes sine uttaler i etterkant, seier Myren.

Partileiar Moxnes sa at Raudt var imot «den ulovlige, folkerettsstridige Libya-krigen hvor 15 norske F-16-fly slapp til sammen 588 bomber over Libya». – Dette var Jens Stoltenberg øvste ansvarleg for. Det må det vere greitt å påpeike, sa Moxnes.

– Meiner du Jens Stoltenberg er ein krigsforbrytar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eg kan ikkje seie eg meiner det, svarar Hanne Myren.

– Ser ingen annan løysing

Trass i våpenlevering til Ukraina, er Raudt imot Nato-medlemskap. Hanne Myren står på partilinja, men slit med å sjå gode alternativ.

– Eg har vore for eit nordisk samarbeid utanfor Nato, men dette er meir utfordrande når Finland og Sverige no går inn i Nato. Me må fortsette å diskutere sikkerheitspolitikk i partiet, seier Myren.

Les også
Rødt stiller til val i to kommunar: Hanne er ein av toppkandidatane

– Er du for eller mot Nato-medlemskap?

– Eg er mot, men ser pr. no ingen annan løysing, seier Hanne Myren.

Få ned forskjellane

Får ho plass i kommunestyret, blir neppe utanriks det dominerande temaet.

– Kvifor er det behov for Raudt i kommunepolitikken?

– Det blir stadig større forskjellar mellom folk, også her. Raudt går til val på å få ned forskjellane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På kva måte kan ein få ned forskjellane i kommunepolitikken?

– Eg har ingen erfaring frå kommunepolitikken, men me skal følgje med og fremje eigne saker. Blant anna ønsker me gratis skulemat til alle. Dessutan vil me ha graderte satsar i SFO, barnehage og kulturskule, blant anna basert på personleg økonomi, seier Hanne Myren.