Frigir namnet på mannen som omkom i skisenteret
Det var 46 år gamle Jan Helge Sæterstrand som omkom utanfor Ål Skisenter laurdag.
18. mars skal Sæterstrand ha køyrt offpist mellom omgangane i alpinfestivalen som gjekk føre seg i skisenteret.
Det melder friflyt.no.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter eit par timars leiteaksjon vart mannen funnen utanfor Svarteberg, som skianlegget ofte blir kalla. Det skal ha blitt lagt ned stor innsats i forsøket på å redde 46-åringens liv, skriv friflyt onsdag kveld.
– Det skal ikkje vera vitne til hendinga, og politiet kan framleis ikkje med sikkerheit si kva som har skjedd. Dei ventar på obduksjonsrapporten, melder skinettstaden.
Etter det dei erfarer skal ikkje mannen ha falle ned ein skrent eller høgde, sjølv om Hallingdølen melde at han vart funnen nedanfor ein skrent.
Omtalen av namnet til den døde er gjort i samråd med familien.