Brann i bustadhus i Nesbyen natt til onsdag. Ein person omkom i brannen og ein kom seg ut av huset med lettare skader.

Ein person funnen omkomen etter brann - politiet vil gjerne kome i kontakt med vitne

Husbrannen i Nesbyen i morgontimane onsdag fekk eit tragisk utfall. Ein utanlandsk statsborgar mista livet.

– Me har sett i verk både taktiske og tekniske undersøkingar. Samtidig ventar me på kriminalteknisk bistand. Me jobbar også framleis med å få varsla dei pårørande, seier seksjonssjef Kari Birgit Møllerplass i politiet.

Onsdag ettermiddag var området rundt huset sperra av. Kriminalteknikarane hadde ikkje begynt å jobbe der enno.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det må bli kaldt nok der først, seier Møllerplass.

– Kva hypotesar jobbar de etter?

– Det kan eg nok si meir om i morgon.

– Finst det vitne?

– Ikkje som me veit om så langt. Finst det vitne som har fått med seg noko her, ber me om at dei tek kontakt med oss.

Brannmannnskapa fekk ganske raskt kontroll over brannen.

Ein kom seg ut

Brannen starta rundt klokka 05 på morgonen.

Det var to personar i huset i Alfarvegen då brannen starta. Den eine kom seg ut og fekk varsla nødetatane om brannen.

Brannvesenet kom raskt til staden, og konstaterte at huset ikkje var overtent. Dei starta sløkking, og fekk ganske raskt kontroll. Ved 07-tida var brannen heilt sløkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha gjennomført eit søk i huset kunne politiet bekrefte at ein person var funnen omkomen.

Vedkommande blir ifølgje Møllerplass sendt til obduksjon.

Både politi og brannvesen var på plass i morgontimane onsdag.
Brannvesenet melde at dei hadde sløkt brannen ved 07-tida onsdag morgon.

Etter det Hallingdølen kjenner til er begge dei to involverte i husbrannen utanlandske statsborgarar. Dei var begge i Hallingdal i samband med jobb.

Det er ifølgje politiet for tidleg enno å si noko om brannårsaka.

– Me håpar obduksjonen vil gi oss nokre svar, og så må me vente på den kriminaltekniske bistanden. Det er det som skjer i første omgang, seier Møllerplass.

Personen som berga seg ut av huset er tatt vare på av helse. Kriseteamet i Nesbyen er også kopla inn.