Gol kommune har godkjent fleire søknadar om å få flytte på hytta. Statsforvaltaren i Oslo og Viken har klaga på alle positive vedtak i kommunen, og meiner busetjing på hytta er i strid med nasjonale føringar. (Illustrasjonsfoto)

Kommunen fortset å kjempe mot statsforvaltaren - vil la folk bu på hytta

Statsforvaltaren held fram med å klage på Gol kommune sine vedtak om å bu på hytta. Kommunen held fram med å avvise klagene.

Det siste året har kommunen fått fleire dispensasjonssøknader frå folk som ønsker å flytte på hytta. I fleire tilfelle har administrasjonen godkjent desse søknadene. Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner på si side at det er i strid med nasjonale føringar å la folk busetje seg på hytta.

Les også
Kommunen sa ja til at søkjaren kunne flytte til hytta - no har statsforvaltaren klaga

Ei sak har alt gått vidare til settestatsforvaltar etter at Gol kommune stod fast ved vedtaket sitt. Denne er framleis ikkje avgjort. Tysdag avviste politikarane i Gol tre nye klager frå statsforvaltaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen nye moment

I dei tre tilfella har kommunen godkjent søknaden om å flytte til hytta, men statsforvaltaren har klaga på vedtaka. Politikarane i Utval for natur og næring (UNN) vedtok samrøystes å ikkje ta desse tre klagene til følgje. Alle sakene vil difor gå vidare til ein settestatsforvaltar.

Politikarane kunne ikkje sjå at det hadde kome fram nye moment som gjorde at dei bør ta klagene frå statsforvaltaren til følgje.

Les også
For lang veg til butikken og ingen buss - vil nekte han å bu på hytta
Settestatsforvaltar

Dersom Statsforvalteren i Oslo og Viken klager på et kommunalt dispensasjonsvedtak, vil det vere ein settestatsforvaltar som behandlar klagen. I dette tilfellet kan det til dømes vera Statsforvalteren i Innlandet.

Hadde gode grunnar

Det er ikkje fritt fram å flytte på hytta, og leiar i utbyggingsavdelinga Hanne Cecilie Nes understreka at straumstøtte aleine ikkje er god nok grunn til å få dispensasjon. Ein søkjar må oppfylle visse krav som til dømes at tilkomsten er vinterbrøyta og at dei endrar adresse i folkeregisteret.

Les også
Blir lettare å få bu på hytta: – Kommunane kjenner sitt lokalmiljø best, og eg stolar på at dei gjer grundige vurderingar

I dei tre sakene som UNN behandla tysdag var det ifølgje politikarane oppgitt gode grunnar til å ta hytta i bruk som fast bustad. Det gjekk mellom anna på tilknyting til gardsbruk, avstand til eldre og pleietrengande foreldre og at det ikkje følgjer med barn i skulealder.

Statsforvaltaren argumenterer på si side med at det er langt til butikkar, ikkje gangveg og lite lagt til rette for barn og unge, for å nemne noko.

No blir sakene sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet som vil utnemne ein settestatsforvaltar.

Les også
No kjem over 200 russ frå Bergen: – Me har «guarden oppe»
Les også
Skeptisk til 1500 einingar i dette området: – Vil gi store terrenginngrep
Les også
Dette er dei typiske sakene for konfliktrådet