Veidekke brukar bemanningsselskap for å ta unna toppane, mellom anna i Hemsedal Fjellandsby. Der har entreprenørselskapet i dag arbeid på to bygg. Biletet viser gjenoppbygging av bygget som brann i fjor vår.

Forbod mot innleige på byggeplassar: – Rart at det skal gjelde andre reglar i Valdres enn i Hallingdal

Grensa for regjeringa sin kamp mot innleige på byggjeplassane går ved fylkesgrensa på Golsfjellet.

I sommar fremja regjeringa framlegg om å skjerpe reglane om innleige frå bemanningsselskap og endringane vart vedtatt av Stortinget før jul. Hovudregelen i norsk arbeidsliv skal vere heile og faste stillingar.

Målet med lovendringa er å få ned omfanget av innleigd arbeidskraft, og samtidig styrke rettane til dei som er innleigde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre reglar i Valdres

Arbeids- og inkluderingsdepartementet innfører også ei forskrift om eit geografisk avgrensa forbod mot innleige frå bemanningsbedrifter for byggenæringa. Det blir forbod for bruk av bemanningsselskap i byggebransjen i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold fylke.

Avdelingsleiar Geir-Ole Nilstad i Veidekke Hallingdal reagerer på at det skal gjelde andre reglar for innleige av arbeidskraft på byggjeplassar i Hallingdal enn i Valdres. (Arkivfoto)

– Eg kjenner litt på at me heretter må konkurrere med firma som framleis kan bruke bemanningsselskap og arbeide på andre vilkår enn oss, seier Geir-Ole Nilstad, avdelingsleiar i Veidekke Hallingdal. For på byggjeplassane i Valdres, på andre sida av Golsfjellet, kan bemanningsselskapa operere, som før.

Skjerpa reglar for innleige

Dei nye reglane vil tre i kraft frå 1. april 2023. Dette blir nytt:

* Høvet til innleige «når arbeidet er av midlertidig karakter» blir oppheva.

* Det vil ikkje lenger vere høve til å leige inn frå bemanningsselskap til byggeplassar i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold. Forbodet vil gjelde alle fag på byggeplassen.

* Retten den innleige arbeidstakaren har til fast tilsetting i innleigeverksemda vil styrkast. Etter avtale med tillitsvalde, skal innleige gje rett til fast tilsetting etter tre år.

* Midlertidig innleige av helsepersonell vil vere lov for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenester.

* Det vil også gjelde unntak for innleige av spesialkompetanse til rådgjeving- og konsulentarbeid når det er snakk om eit klart avgrensa prosjekt.

Kjelde: regjeringa.no

Hjelp til å ta unna toppane

Veidekke er eitt av selskapa i vår region som har hatt behov for å kjøpe teneste frå bemanningsselskap. Nilstad fortel at dei i dag brukar bemanningsbyrå på to byggjeplassar i Hallingdal, Hemsedal Fjellandsby og ved eit prosjekt på Kikut.

Les også
30 lokale bedrifter har fått til saman 2,5 millionar i bøter frå Arbeidstilsynet
Les også
Foreslår forbod mot å leige inn snikkarar frå bemanningsselskap: - Me er avhengige av dei

– Me er heile tida ute etter å tilsette eigne folk og lyser jamleg ut ledige stillingar. Det ser du viss du blar litt i stillingsannonsane i Hallingdølen. Men me har ikkje klart å skaffe nok faste tilsette, og bemanningsbyrå har vore ei god ordning for å ta unna toppane, seier han.

Sosial dumping

Arbeidsgjevarorganisasjonen NHO har åtvara om at endringane som no blir innført vil gjere det vanskelegare for bedriftene. LO, på si side, åtvarar mot det dei kallar «skremselspropaganda». – Dette er ein siger i kampen mot sosial dumping, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Nilstad avviser at bruk av bemanningsselskap nødvendigvis må føre til sosial dumping.

– Det finst sikkert også useriøse bemanningsselskap, men me har ikkje vore borti det. Så lenge det er snakk om seriøse aktørar, er dette ei ordning som har fungert godt. Veidekke sentralt har avtale med Adecco, eit selskap som har papira i orden og alt på stell, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ordnar seg

Det er særleg tømrarar og betongarbeidarar Veidekke har behov for å leige inn. Når det ikkje lenger blir lov å hente fagfolk frå Adecco, må Nistad kjøpe tenester frå underleverandørar når det i periodar er toppar som krev ekstra hender.

– Skaper innskjerpinga plunder for Veidekke?

– Dei nye reglane skal tre i kraft i 1. april. Eg hadde sjølvsagt håpa at me kunne få fullføre arbeidet på dei byggeplassane der me alt har bemanningsbyrå. Men det skaper ikkje meir plunder enn at me klarar å løyse det, seier han.

Konsekvensar for reiselivet

NHO åtvarar mot at innskjerpinga også vil få uheldige konsekvensar for reiselivet.

– Næringa er kjenneteikna av sesongsvingingar. Mange har periodar der behovet for arbeidskraft er stort, mens det i andre periodar er rolegare eller kanskje heilt stengt. Det kan vere vanskeleg å rekruttere tilsette for ein kort periode, særleg ute i distrikta, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Men for lokale reiselivsbedrifter vil likevel ikkje endringane få store konsekvensar, skal me tru bedriftsleiarar Hallingdølen har prata med.

Rekrutterer eigne folk

Verken Ski Geilo, Skistar Hemsedal, hotella i Geilogruppen eller Pers Hotell nyttar bemanningsselskap i særleg grad. Tilbakemeldinga er at dei klarar å skaffe dei folka dei treng og at bemanningsbyrå berre blir nytta som redningsplanke ved akutte behov. Sesongarbeidarar blir tilsett på tidsavgrensa kontraktar, og kortvarige og akutte behov i høgsesongen blir løyst ved å hente hjelp frå lokale folk på tilkalling, ofte lokal ungdom.

– Dette får ikkje konsekvensar for oss, men endringa er ikkje bra for bransjen, seier hotelleigar Per Rustberggard ved Pers Hotell.

– For oss får ikkje innskjerpinga konsekvensar. Hallingdal er kanskje bortskjemt på den måten at me i tillegg til vintersesongen, har ein sterk sommar og stekt haust. Det gir grunnlag for at me kan ha fleire faste heile stillingar. Men innskjerpinga gir likevel ei utfordring for bransjen generelt, meiner Per Rustberggard ved Pers Hotell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommar utanfor sesongen

Ved Skarsnuten Hotell i Hemsedal har dei i vinter rekruttert ein kokk gjennom bemanningsselskap. Kokken er éin av 90 tilsette, så prosentdelen frå bemanningsselskap er ikkje høg.

Hotellsjef Robert Norman ved Skarsnuten er spent på om dei klarar å rekruttere folk til sommarsesongen. – Behovet for bemanningsbyrå kjem kanskje til å auke i framtida, trur han. Men frå april blir reglane skjerpa.

– Det kjennest trygt og godt å ha bemanningsselskapet i bakhand, men i praksis er det sjeldan me brukar dei. For det pleier alltid å løyse seg, ofte i siste liten. Men behovet hjå oss kjem kanskje til å auke i framtida, og eg tenkjer særleg på sommaren. Dette er første året Skarsnuten er i drift heile året, og me trudde det skulle vere lett å få heilårstilsette. Det var det ikkje. 98 prosent av dei som søkte, ønskjer å vere her berre i vintersesongen, fortel hotellsjef Robert Norman.

Les også
Snømengda slo 100 år gamle rekordar - her kom det mest
Les også
Rykte ut til gnister frå røykvarslar: – Folk må vera vare om det luktar svidd
Les også
Golberg etter Tour de Ski: – Eg hadde håp om å ha gul trøye og å kunne velje vegen til VM