Stod fast: Bilen med ein familie på fire køyrde seg fast i skiløype nokre hundre meter frå parkeringsplanssan på Leveldåsen i Ål.

Nye hyttegjester køyrde seg fast i skiløype: – Bør setje opp skilt

Sundag kveld skjedde det igjen på Leveldåsen i Ål.

Ein familie som hadde leigd seg hytte i Åsetno-området på Votndalsåsen, vart sendt i feil retning av GPS-en. Eit stykke forbi parkeringsplassen Randan i Leveld, stod bilen deira bom fast - i skiløypa.

– Her må det vera ein feil på GPS-løysinga til Airbnb. Akkurat det same skjedde nyleg med kinesarar som hadde leigd seg hytte på Myset på Votndalsåsen, seier John Håvard Grøgård til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vart ringt til

Han vart ringt opp seint sundag kveld. Ein familie som hadde leigd seg hytte på Åsetno, vart via GPS-en leia ei heilt annan retning. På GPS-en såg det ut som hytta låg ved Hengsvatnet lenger vest, eit par-tre kilometer frå der vegen stoppar.

Les også
Kinesarar måtte bergast ut av skisporet: – Fortalde at vegen til hytta var dårleg brøytt

Ved parkeringsplassen startar ei velpreparert skiløype. Når ein kjem der på kveldstid, og GPS-en fortel at hytta ligg 2-3 km framme, er det tydeleg vis fort gjort å tru at skiløypa er bilveg.

Taua laus

– Ein kjenning av familien vart fyrst ringt til. Han køyrde etter, og køyrde seg også fast. Då eg kom dit med bilen min, held også eg på å gjera det same, fortel Grøgård.

Det gjekk likevel bra. Etter litt fram og tilbake fekk han taua dei to bilane laus slik at dei kom seg attende til parkeringsplassen, og deretter på rett kjøl i retning Åsetno.

Familien stod bom fast i skiløypa på Leveldåsen seint sundag kveld. Dei var sendt i feil retning av GPS-en.

Gjekk til fots

Familien var fyrst i tvil då dei køyrde seg fast etter nokre hundre meter, og begynte så smått å gå i retning Hengsen. GPS-en synte jo at det var der hytta låg.

Les også
Litauarar køyrde seg fast i skiløypa - tidlegare på dagen skjedde det same med to danskar

Etter å ha ringt til kjente, snudde dei heldigvis. Det er ikkje tilrådeleg å labbe i veg tynnkledd innover snaufjellet i mørket, når også vêret var uoversiktleg.

Set opp skilt

John Håvard Grøgård meiner det må ligge ein teknisk feil i GPS-løysinga til Airbnb. Han meiner også det bør skiltast i området.

– Eg køyrer sjølv skiløyper og er godt kjent i området. På Randan, der vegen sluttar og skiløypa startar, bør det stå eit skilt om at vegen endar her. Dette er sommarvegen over til Hemsedal, og i blant trur folk det går an å kome seg over fjellet også vinterstid, seier Grøgård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei annan løysing er å legge ein buffer i form av ein snøhaug i overgangen til veg og skiløype.

Det høyrer med til historia at gjestene kom seg fram til hytta på Åsetno og var godt fornøgd med det som møtte dei der.

Les også
Gjer ei god gjerning vesle juleaftan - gratis klipp til alle barn
Les også
Fekk inn 14 millionar ekstra i kommunekassa: – Ei skikkeleg julegåve
Les også
Satsar på dagsturisme - på sikt vil dei ha færre bilar til fjells