Fire busser frå Schaus, eit firma med hovedbase i Vestby skyssa torsdag 200 skuleelevar frå Gol til Ål.

Fire bussar køyrde 418 kilometer for å frakte elevar frå Gol til Ål: – Me stussa då me såg oppdraget

Torsdag stod fire bussar frå eit busselskap med adresse Vestby parkert ved Kulturhuset i Ål. Oppdrag: Frakte skuleelevar frå Gol til Ål.

Schaus Buss har hovudbase i Vestby. Derifrå er avstanden til Gol 209 kilometer. Kvifor fraktar då Schaus ungdommar frå Gol som skal ein liten tur på kino i Ål?

Hallingdølen har vore i kontakt med bussjåførane som oppheldt seg nede ved gartneritomta på Ål medan elevane frå Gol Vidaregåande såg kinofilm. Dei ynskjer ikkje å ha namnet sitt i avisa, men fortel at dei også har diskutert situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tru meg, dette har me prata om.

Dei seier at sjølv om det finst rammeavtalar må det «gå an å bruke hovudet», og siktar til fylkeskommunen sin praksis for skyssing av skuleungdom som skal på kultur-utflukt.

Les også
Ikkje dei store investringane i Hallingdal - med eitt par unntak

Torsdag reiste fire bussar til Gol, fordi heile 200 elevar trengde skyss. Alle bussane reiste frå enten Gardermoen eller Vestby i gamle Akershus fylke.

– Det er sjeldan me har oppdrag i Hallingdal, seier sjåførane.

– Reise 200 kilometer ein veg for å skysse nokon 20 kilometer, kva tenkjer dykk om det?

– Me stussa då me såg oppdraget, men det er jo ein fin dag på jobb for vår del.

Rammeavtale

Dagleg leiar i busselskapet, Lasse Aarstrand forklarar det slik:

– Dette er relativt ukomplisert for oss. Me har ei rammeavtale med Viken fylkeskommune om køyring innanfor det som kallast «den kulturelle skulesekken».

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Foreldre klagar på unødvendig lang skuleveg: – Alle skjønar kor ko-ko ordninga er og at ungane betalar prisen

Han seier dei leverer på bestillinga dei får frå oppdragsgjevar. At avstanden mellom Vestby og Gol er lang vil ikkje Aarstrand seie for mykje om.

– Det er ein konsekvens av ei rammeavtale og ei eining som heiter Viken, og Viken er stort. Men det er viktig å poengtere at bussane mest sannsynleg ikkje har køyrd eins ærend for å skysse mellom Ål og Gol. Om dei har vore i Hønefoss, Fagernes eller på Geilo vil eg ikkje seie, men det kan vera tilfelle.

Aarstrand forklarar at selskapet har oppdrag over heile Sør-Norge.

– Me køyrer over store deler av Sør-Norge og dekker heile Søraust-Norge. Om det er ungar som skal på kino eller museum spelar ingen rolle.

Bussjåførane sjølv rista på hovedet av ordnigna. Etter å ha levert elevane på Gol igjen ventar 200 kilometer før dei er heime.

– Det er for langt

I fylkeskommunen fortel dei at dei ikkje har ein rammeavtale på denne typen køyring i dag, og kan velje kven dei bruker til å skysse ungdommane. Cathrine Haakonsen er seksjonsleiar for den kulturelle skulesekken. Ho seier dette var ei dårleg løysing.

– 200 kilometer er for langt.

Ho fortel at det tidlegare har vore rammeavtaler på denne typen køyring, men då Viken kom til verda og Østfold, Akershus og Buskerud vart slått saman jobba dei med ei sonetilpassa avtale for å inkludere lokale busselskap. Det har ikkje blitt noko av.

– Det har me diverre ikkje landa, og ettersom Viken skal løysast opp om eit år har me ikkje sett at det er hensiktsmessig å fullføre den jobben. Me overlèt den til dei nye fylka når dei kjem på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tek opp skyssaka: Støttar Flå-elevane, - men kva gjer Viken?

I dette tilfellet er ikkje Haakonsen i tvil om kva som ville vore det beste alternativet.

– Me kunne brukt eit lokalt selskap, og dette var ein glipp. Når det er sagt har me fleire rundar med bussing i Hallingdal denne hausten kor me nyttar lokale bussar.

– Korleis skjedde dette?

– Den kulturelle skulesekken er ei statleg ordning der alle elevar får kunst- og kulturopplevingar med profesjonelle kunstnarar i skuletida. Det organiserast ved at me sender kunstnarar på turne i skulane. I nokre tilfelle må me busse dei til ein kino for at dei skal få ei betre oppleving, seier Haakonsen og held fram:

– Me har rundt 300 turnear i året og om lag 6000 arrangement i Viken. For at me skal få ein enklare logistikk har me gitt oppdraget med å planlegge logistikken rundt denne turneen til busselskapet sjølv. Det var ein glipp. Det er ikkje gunstig å køyre ein buss frå Vestby til Hallingdal på denne måten, seier Haakonsen.

– Schaus seier dei har ei rammeavtale, gjeld ikkje den?

– Det er ei rammeavtale frå gamle Østfold fylke, svarar Haakonsen.

Les også
Skeptiske til nyoppretta stilling:– Eg er redd personen kjem til å sveve rundt på konferansar
Les også
Bjella stod fram som ein crooner i raud silkedress
Les også
Toppar for Miljøpartiet Dei Grøne - men kven skal drive valkamp i Hallingdal?