Det einaste fornuftige er å betale ned gjeld

Straumstøtte ut over den statlege, skattelette gjennom å fjerne eigedomsskatten, styrka kommunale tenester, eller nedbetaling av gjeld? Dette er vala Ål-politikarane står overfor i dagens kommunestyremøte.

Lista over tiltak det er mogleg å vurdere fortel ein ting. Det er forskjell på kraftkommunar og andre kommunar. Hallingdølen har alltid forsvart denne forskjellen. Kraftkommunane har stillt naturressursar til bruk for resten av samfunnet, og skal tene pengar på dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil utan tvil framleis forsvare kraftinntektene til kommunane. Samtidig minner me om at det kan vere lurt å syne ein viss grad av audmjukheit i dagens situasjon.

Ei straumstøtte ut over den statlege, vil gje vatn på mølla til dei som ynskjer å svekke inntektene til kraftkommunane. Me har solid erfaring for at det kjem framlegg om dette, frå ulike statlege utval, minst kvart tiår.

Når det også er usikkert kor lenge dagens Klondyke-situasjon på straummarknaden vil vare, meiner me dessutan at det vil vere lurt å ty til gamle økonomiske dyder. Det einaste fornuftige er difor å betale ned kommunal gjeld. Det er ei langsiktig løysing som kjem alle innbyggarane til gode.

Dei andre framlegga har gode intensjonar, men også snev av populisme i seg. Fjerning av eigedomsskatten er bra for dei som eig, men til liten nytte for dei som leiger. Ei slik løysing er dessutan komplisert å få på plass att om det skulle bli nødvendig. Dessutan lurer problematikken med skatt på (kraft)verker og bruk i bakgrunnen.

Me trur også at det er lurt å sjå bort i frå å nytte ekstra inntekter til å auke det kommunale tenestenivået. Innbyggarane må sjølvsagt få dei tenestene som krevst. Men ein auke frå fornuftig og realt, til ynskjeleg og optimalt, kan blir vanskeleg å ta inn att dersom dette må til.

Det høyrer også med i samanhengen at kraftverka i Norge for ein stor del er eigd av det offentlege. Altså befolkninga. Det er difor kort veg til å omtale det høge prisnivået på straum som ekstra skattlegging.

Med dette som bakgrunn meiner me det er rett om rikspolitikarane ser til å halde innbyggarar og næringsliv mest mogleg skadeslause i kraftpris-galoppen. Dersom ynskjet bak er å ta inn kjøpekraft frå befolkninga, så får ein heller ta ein real skattedebatt om dette i Stortinget.

Det er også rett at fleire av kommunane i Øvre Buskerud har svært gode kraftinntekter. Me trur likevel at heller ikkje desse er tent med kostbart straumkaos, slik det me ser i dag. Det er nok å minne om at me har ei stor turistnæring. Denne er basert på at folk i andre regionar har overskot på lønnskontoen.

Artikkelen held fram under annonsen.